Hopp til innhold

Pressa pressefridom i Ungarn

I Ungarn rasar opposisjonen mot ei ny medielov som dei meiner struper ytringsfridomen i landet.

Demonstrasjon i Ungarn

Demonstrantane stod side om side med hendene over den neste sin munn for å symbolisere at lova er ein trussel mot ytringsfridomen.

Foto: FERENC ISZA / Afp

Denne veka vedtok parlamentet ei lov som styrkar staten si makt over pressen.

Opposisjonen meiner stemmeopptellinga i det ungarske parlamentet resulterte i eit markant tilbakeslag for pressefridomen i landet.

To tredelar stemde for den kontroversielle lova som tillèt styresmaktene å bøteleggje media dersom dei publiserer støtande artiklar og reportasjar.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

– Vil tene pengar

Dei som stemte mot lovforslaget stilte med teip over munnen og ein plakat der det stod «Pressefridomen levde 21 år i Ungarn». Opposisjonen meiner lova er heilt utruleg.

– Det finst ikkje noko konstitusjonelt formål bak denne typen lovforslag, dette handlar om behovet for pengar, og med desse avgiftene kjem dette nye medieorganet til å sope pengar inn i statskassa, seier leiaren av opposisjonspartiet LMP, Andras Schiffer.

Lova trer i kraft allereie 1. januar 2011. Eit nyetablert medieorgan kontrollert av den høgreorienterte regjeringa, vil få makt til å gje store bøter til aviser, radio, fjernsyn og nettaviser.

Media som bryt lova risikerer bøter opp til 5,7 millioner norske kroner. Det er særleg rapportar om vold, sex og alkohol det vil verte slått hardt ned på.

(Artikkelen held fram under biletet.)

Demonstrantar i Ungarn

Nokre demonstrantar hadde teipa over munnen i protest mot det dei meiner vil verte ei knebling av pressefridomen.

Foto: BERNADETT SZABO / Reuters

Store protestar

Regjeringspartiet Fidesz argumenterer med at lova vil sørgje for ei betre balansert nyhetsrapportering.

Tibor Szanyi, fra sosialistpartiet MSZP er lamslegen over at lova vert vedteken. Han meiner Fidesz bør gjere retrett, og stryke lova frå agendaen.

Også utanfor Parlamentet var reaksjonane sterke, der hadde fleire hundre demonstrantar samla seg måndag. Demonstrantane stod side om side med hendene over den neste sin munn, for å symbolisere at lova er ein trussel mot ytringsfridomen.

Både lokal media og europeiske presseorgan har også markert sin avstand til den nye medielova.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

SISTE NYTT

Siste nytt