Hopp til innhold

Lukasjenko med jerngrep om media

Valsigeren i går sikrar at Aleksandr Lukasjenko kan halde fram med sin sterke kontroll over kviterussisk media.

Demonstrasjon i Minsk

Det var store demonstrasjonar i Minsk i går kveld, men at dei statleg styrte media viser det er slett ikkje sjølvsagt.

Foto: SERGEI SUPINSKY / Afp

I går demonstrerte rundt 20.000 menneske i Minsk mot valresultatet, der Aleksandr Lukasjenko vart attvald som president med 79,7 prosent av røystene .

Martin Paulsen

Martin Paulsen

Foto: J.K. Wilhelmsen / UiB

Politiet gjekk brutalt til verks mot demonstrantane , og fleire hundre opposisjonelle og menneskerettsaktivistar vart fengsla etter at dei prøvde å storme regjeringsbygget i Minsk i går.

– Eg følgde med på den offisielle tv-stasjonen i går kveld. Der viste dei faktisk viste bilete frå storminga av regjeringsbygget. Men demonstrantane vart framstilt som bøller og fulle ungdommar som var ute og raida gatene, fortel Martin Paulsen, postdoktor i russisk ved Universitetet i Bergen.

At kviterussarar fekk sjå desse demontrasjonane på tv, er derimot ikkje noka sjølvfølgje, sidan dei offisielle media er sterkt kontrollert av styresmaktene.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Full kontroll

Paulsen trur at hovudelen av folka i Kviterussland vert påverka av det biletet dei offisielle media gjev. Alle dei offisielle tv-kanalane og dei største avisene er kontrollert av presidenten, og slik kan Lukasjenko styre den informasjonen som kjem ut.

Aleksandr Lukasjenko

Aleksandr Lukasjenka har full kontroll over kviterussisk media.

Foto: Sergei Grits / Ap

– Han har full kontroll over dei tradisjonelle media, der han kvar dag kan kome med sin versjon av korleis verda og Kviterussland ser ut.

Første innslag i nyhenda handlar alltid om presidenten. Og ei av dei viktigaste spaltene i ei av dei største avisene har rett og slett tittelen «Presidenten», der dei berre gjev att det presidenten har sagt eller gjort dagen før, fortel Paulsen.

Denne kontrollen vart etablert på midten av 90-talet, i løpet av dei to-tre første åra etter at Lukasjenko vart valt til president i 1994.

– Før han vart valt, altså på byrjinga av 90-talet var han veldig oppteken av uavhengig og fri media, men dette passa han berre så lenge han sjølv ikkje var president, seier Paulsen.

Falske nettsider

Styresmaktene i Kviterussland har ikkje noka permanent blokkering av nettsider eller bloggar med opposisjonelt innhald, som ein til dømes ser i Kina.

– Men i går kveld såg ein ei valdsam mengde strategiske blokkeringar av nettaviser og opposisjonelle nettsider, dei var rett og slett stengde.

I tilegg vart det, truleg frå styresmaktene sett opp ei rekkje falske nettsider.

– Desse falske nettsidene var nesten identiske med opposisjonelle nettsider, og spreidde falske rykte, til dømes med det føremål å sende spreie demonstrantar i feil retning, seier Martin Paulsen.

Video Demonstrasjoner i Minsk etter valget i Hviterussland

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters
  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.