Hopp til innhold

Passasjerfly landa trygt på JFK

Amerikanske jagarfly eskorterte i kveld eit passasjerfly frå Dubai inn mot John F. Kennedy-flyplassen i New York. Flyet landa trygt kl. 21.35 norsk tid.

Video Ble eskortert av jagerfly

VIDEO: Passasjerene var glad for å ha landet trygt på bakken etter å ha blitt eksportert av jagerfly inn til flyplassen.

Det skal ikkje ha vorte retta nokon spesiell trussel mot flyet, opplyser ein talsmann for amerikanske styresmakter.

Årsaka til at passasjerflyet blir møtt på denne måten er at det er ein pakke frå Jemen om bord i flyet, som tilhøyrer flyselskapet Emirates. Flyet skal ha vore i Jemen i går.

Flyet frå Emirates på JFK-flyplassen i New York

Flyet frå Emirates landa trygt på JFK kl. 21.35 norsk tid.

Foto: EBU

Etter funn av mystiske pakkar i fly tidlegare i dag er amerikanske styresmakter i høg beredskap med omsyn til gods frå Jemen. Det er frykt for at Al Qaida på den arabiske halvøya kan prøve å sende bombepakkar til adresser i USA.

Derfor blir alle fly som fraktar pakkar frå Jemen undersøkt spesielt nøye.

Det er gått ut særleg varsel til jødiske synagogar i Chicago om å vere svært forsiskrige, og at dei må varsle politiet om det kjem mystiske pakkar i posten.

Begge dei to mistenkjelege pakkane som vart funne i Storbritannia og Dubai i dag, skal ha vore adresserte til jødiske religiøse institusjonar i Chicago.

SISTE NYTT

Siste nytt

Flere videoer i sosiale medier viser samme hendelse, som alle samsvarer med beskrivelsen av hendelsen, våpenet og området det skjedde. Videoen er verifisert av bl.a. BBC.

Britisk politi: Ein død etter angrep med stikkvåpen i London

Ein 13 år gammal gut døydde etter sverdangrepet i London. Det opplyser britisk politi.

Disse videoen fra Twitter skal vise stormingen av Hamilton Hall

Gaza-demonstrasjon i USA: Har barrikadert universitetsbygg på Columbia

New York-universiteta Cornell og Columbia har byrja å straffe studentane sine for teltleirane ved campus. På det siste svarte studentane med barrikadar.