Rundt 120 republikanske politikarar skal ha vore med i ein Zoom-samtale 5. februar der dei diskuterte å starte eit nytt politisk parti, fortel kjelder til Reuters.
Fleire av dei som deltok skal ha hatt sentrale stillingar i administrasjonen under tidlegare presidentar frå Ronald Reagan, via både far og son Bush, og heilt opp til Donald Trump.
Fleire av Trump sine medarbeidarar i Departementet for Innanlands sikkerheit skal ha vore med i diskusjonane. Gruppa skal og vere sett saman av tidlegare ambassadørar og strategi-rådgjevarar i partiet.
Evan McMullin som har vore ein sentral rådgjevar for republikanarane i Representanthuset stadfestar at møtet skjedde. Det gjer og fire andre kjelder som ikkje vil stå fram med namn.
McMullin er tidlegare CIA-agent og stilte sjølv som uavhengig presidentkandidat i 2016.
Misnøgde med valfornekting
Riksrettssaka har spissa dei heile til ettersom dei fleste republikanarane har vald å stå last og brast med Trump i Kongressen.
Utbrytarane er særleg misnøgde med at så mange republikanarar i Kongressen har nekta å godta valnederlaget. Åtte republikanske senatorar og 139 representantar i Representanthuset nekta å anerkjenne Biden som lovleg vald og forsøkte å blokkere godkjenninga av valet då Kongressen blei storma 6. januar.
Dei er og motstandarar av den politiske retninga som Trump har trekt partiet i dei siste fire åra.
Meiner partiet er radikalisert under Trump
– Ein stor del av det republikanske partiet er radikalisert og truar det amerikanske demokratiet, seier McMullin til Reuters.
– Partiet trenger å vende tilbake til sanning, fornuft og grunnleggjande verdiar, elles så må noko helt nytt til.
McMullin seier at fleirtalet av dei som deltok på Zoom-møtet, støtta ideen om eit nytt nasjonalt parti. Eit anna alternativ er å danne ei fraksjonsgruppe som kan operere både innan og utanfor partiet.
Kjeldene seier at eit nytt parti vil ha ein klar konservativ profil, noko dei meiner tidlegare president Trump har leidd partiet bort frå. Det planlagde nye partiet blir beskrive som eit høgre-sentrums-parti. Det skal bygge på grunnlova og på lov og rett, som er prinsipp dei meiner at Trump har kasta vrak på.
Namn som blir diskutert er Integritets-partiet og Sentrum-høgre-partiet. Dersom dei skal danne ein fraksjon i det eksisterande partiet, kan dei ende opp med å kalle seg Sentrum-høgre-republikanarane.
– Dei er taparar
Ein talsmann for Trump, Jason Miller, kallar utbrytarane for taparar.
– Dei forlét det republikanske partiet då dei stemte for Joe Biden, seier han til Reuters.