Bygget Burj Dubai er en del av et to kvadratkilometer stort utviklingsområde kalt «Downtown Burj Dubai». Bygget inneheld luksuskontor, bustader og ei rekkje fritids- og underhaldningstilbod.
Usikker på høgda
Etasje 45 til 108 skal huse rundt 700 leilegheiter. I 124. etasje kan du nyte 360 graders utsikt over heile byen.
Prislappen for rekordbygget er på 20 milliardar kroner, og det er brukt 22 millionar arbeidstimar for å få bygningen ferdig. Heile Downtown Dubai har eit budsjett på over 110 milliardar kroner.
Bygningsingeniør Bill Baker er i Dubai i samband med innviinga.
- Vi var ikkje sikre på kor høgt vi kunne gå. Uforminga blei pressa høgare etter at bygginga starta, og enda opp med å bli omtrent 300 meter høgare enn sin næraste konkurrent, seier han til
Byggingsarbeidet starta i 2004 og held raskt fram. Til tider vart det sett opp ein ny etasje kvar tredje dag.
Armani hotell
I Burj Dubai finn ein også det første Armani-hotellet i verda.
I lobbyen er det hengt opp 196 cymbalar som representerer dei 196 landa i verda. Desse er dekka med 18 karats gull, og vil bli utsett for vassdrypp for å imitere lyden av vatn som fell på lauvblad.
Høgda på bygningen tilsvarar ganske nøyaktig sju Oslo Plaza oppå kvarandre, og på det meste vil 12.000 personar opphalde seg i bygget.
Bygningen er teikna av arkitektfirmaet Skidmore, Owings & Merrill i Chicago, som har stått bak høge bygningar sidan 1936. Skyskraparen er bygd i stål, betong, aluminium og glas.
Les også:
Les også: