Hopp til innhold

Opererte då sjukehuset vart angripe

Kirurgen Ghassan Abu Sittah stod ved operasjonsbordet då sjukehuset i Gaza vart råka av eit luftangrep tysdag kveld.

Skadd person etter sjukehusangrepet

Biletet viser ein av dei fleire hundre skadde etter sjukehusangrepet i kveld.

Foto: Mohammed Al-Masri / Reuters

– Vi opererte då taket på operasjonssalen plutseleg datt ned. Dette er ein massakre, seier kirurg Ghassan Abu Sittah.

Han jobbar for Leger utan grenser. Det gjer òg lege Morten Rostrup, som nettopp har prata med kirurgen.

– Det er heilt forferdeleg, seier han.

Han fortel at dei har hatt 320 medarbeidarar i Gaza, og meiner denne situasjonen må ta slutt.

– Vi har stoppa medisinsk aktivitet, men nokre tilsette har reist til andre sjukehus for å jobbe.

– Heile den humanitære tankegangen er truga. No må helsepersonell få lov til å gjere jobben sin, seier han.

Morten Rostrup

Morten Rostrup er lege og har drive hjelpearbeid over heile verda.

Foto: Kristin Granbo / NRK

500 vart drepne i angrepet, hevdar Hamas, men dette er ikkje bekrefta av uavhengige kjelder.

Det er uvisst kven som står bak angrepet på sjukehuset.

Hamas skuldar på Israel, medan Israel sitt militære hevdar Palestinsk islamsk jihad står bak. Islamsk jihad, derimot, nektar for at dei har noko med angrepet å gjere.

Les også Hamas: Flere hundre drept i israelske luftangrep mot sykehus og skole i Gaza

Ahli Arab Hospital ble bombet tirsdag kveld

Skulle vere trygt

– Tusenvis av folk har søkt til sjukehusa fordi det har fungert som ei slags trygg sone. Og så skjer dette. Det er ikkje første gong sjukehus har blitt angripne på i Gaza. Det er ei krigshandling, seier Rostrup.

Han kallar angrepet for skakande og grufullt.

– Eg jobba sjølv på eit sjukehus i Libya som vart angripe med rakettar. Det er forferdeleg å vere ein slik stad og prøve å behandle pasientar.

Rostrup omtalar angrepet som ein massakre av sivile.

– Og tenk på dei mentale konsekvensane, kor traumatisk dette er for dei over to millionane som er sperra inne.

Han opplever situasjonen som fortvilande, for no har dei ikkje meir igjen av korkje forsyningar, medisinar, eller medisinsk utstyr. Og:

– Personalet vårt er livredde.

Nokre har mista familiemedlemmar. Mange har mista sine heimar.

– Eg trur ikkje me forstår kor forferdeleg dette er, seier Rostrup.

Døde og pårørende etter at Ahli Arab-sykehuset på Gaza ble truffet av en bombe tirsdag 17. oktober.

Døde og pårørande etter luftangrepet.

Foto: Dawood NEMER / AFP

Tusenvis gøymde seg på sjukehuset

Ifølgje Al Jazeera hadde tusenvis av palestinarar søkt tilflukt på sjukehuset sin gardsplass. Mange av offera skal vere kvinner og barn.

Ahli Arab-sjukehuset er det eldste i Gaza og vart grunnlagt i 1982. Meir enn 45.000 menneske har blitt behandla på sjukehuset årleg, ifølgje sjukehuset si eiga nettside.

Utanriksminister Espen Barth Eide seier situasjonen ser ut til å gå frå vondt til verre.

– No er det viktig at ein prøvar å prate saman for å finne ei løysing, seier han.

Rostrup seier det internasjonale samfunnet må leggje press på partane og driva fram ei våpenkvile, samt få inn forsyningar.

– Og om dette ikkje skjer, og det i staden kjem ein bakkeinvasjon?

– Eg tør ikkje å tenke på konsekvensane. Det er for grufullt, seier legen.

SISTE NYTT

Siste meldinger