To oljetankarar har kollidert i Omanbukta, eit område nær det strategisk viktige Hormuzsundet.
Eitt av skipa er «Front Eagle» som er eigd av Frontline, der den største eigaren er John Fredriksen, ifølgje Bloomsbergs aksjonærlister.
– Frontline overvaker situasjonen nøye og samarbeider fullt ut med relevante styresmakter etter kvart som beredskapsarbeidet fortset, seier selskapet til DN.
Det andre er skipet er «Adalynn».
Oljetankaren Front Eagle fotografert på Filippinane i 2011.
Foto: Knut-Helge SchistadUlukka skal vere grunna «navigasjonshending», og har ikkje samanheng med konflikten i området mellom Iran og Israel. Det melder Reuters.
Viktig område for oljeforsyning
De britiske tryggleiksfirmaet Ambrey melde først om hendinga, som skjedde utanfor kysten av Dei sameinte arabiske emirata.
Ifølgje rapportar frå Dei sameinte arabiske emirata og Bloomberg, er 24 personar evakuerte frå «Front Eagle».
Dei skal alle vere utanfor livsfare.
Hormuzsundet ligg mellom Oman og Iran, og knyter saman Persiabukta i nord med Omanbukta og Arabiahavet i sør.
Rundt 20 prosent av verdas olje passerer gjennom Hormuzsundet dagleg, området er difor svært viktig for energiforsyning.
Mellom 2022 og mai 2025 gjekk det dagleg mellom 17,8 og 20,8 millionar fat med råolje, kondensat og drivstoff gjennom sundet, ifølgje data frå Vortexa.
RETTING: Reuters meldte fyrst at tre skip var involverte i kollisjonen. NRK siterte då DN på to skip og Reuters på tre. Det er no stadfesta at berre to skip var involverte i kollisjonen. NRK har difor oppdatert saka og fjerna opplysninga om tre skip. Rettinga blei gjort 17.06.2025 kl. 11.10.