Alle nye mobiltelefonar i USA skal frå 2012 vera utstyrte med små elektroniske brikker som skal kunne motta spesielle krise-varslingar både frå Det kvite hus og frå den øvste leiinga i dei ulike delstatane. Det skriv avisa
.Ved hjelp av mikrochipen skal president Obama raskt og effektivt kunne varsla heile befolkninga om overhengande fare, som til dømes terror-åtak eller naturkatstrofar.
- LES OGSÅ: Tusenvis evakuerte frå flaum i USA
Tek grep etter bin Laden-drapet
Kunngjeringa om det nye mobilbaserte alarmsystemet kom tysdag, i kjølvatnet av drapet på Osama bin Laden.
Drapet på den ettersøkte Al Qaida-leiaren førte med seg ei ny bølgje med frykt og og ei heving av trugselnivået, både i USA og i andre delar av verda.
Kommunikasjonssystemet vil også bli brukt til å varsla om born som vert bortførde eller som er sakna. For at varslingane skal koma fram så fort som mogleg, vil dei verta prioritert over all annan telefontrafikk.
Krise-varslingane vil få eit unikt signal og vibrering som gjer at dei lett skil seg ut frå vanlege SMSar, opplyser det amerikanske tryggingsdepartementet.
Risikerer kritikk
Obama sjølv er kjend for å ha veltrente SMS-tomlar, og markerte seg som ein ivrig tilhengar av mobil som kommunikasjonsmiddel under kampanjen sin i forkant av presidentvalet i 2008.
- LES OGSÅ: Kurser norske politikere i Facebook
- LES OGSÅ: Obama må gå offline
Mobilbrukarane skal kunne deaktivera store delar av den kommande varslingstenesta, men tekstmeldingane frå presidenten vil ein ikkje kunne velja vekk.
Obama risikerer difor kritikk frå fleire hald for å tvinga amerikanske borgarar til å ta imot SMS-varslingar.
Begeistra Bloomberg
Michael Bloomberg er borgarmeister i New York. Han ønskjer den nye SMS-varslinga velkomen.
Foto: JOHN GRESS / REUTERSDen profilerte borgarmeisteren i New York, Michael Bloomberg, er derimot oppglødd over at styresmaktene no får eit nytt kommunikasjonsverktøy til bruk i krisesituasjonar.
Han kallar varslingssystemet for «eit kvantesprang i bruken av teknologi for å sikra at folk er trygge».
– Etter terroråtaket den 11.september 2001 har me lært kor viktig det er å kunne formidla klar og presis informasjon til innbyggjarane i ein krisesituasjon, seier Bloomberg
Varslinstenesta vil først bli teken i bruk i New York. Deretter skal også innbyggjarane i Washington og andre amerikanske storbyar kunne få alarm-SMS frå presidenten.