19.05.2013

Tusenvis evakuert frå flaum i USA

US-OHIO-AND-MIS (Foto: SCOTT OLSON/Afp)

Mange hus er evakuerte etter at Mississippi gjekk langt ut over sine breidder.

Foto: SCOTT OLSON/Afp

Byen Memphis i USA har evakuert minst 1300 heimar grunna flaum i Mississippi. Det opplyser styresmaktane i byen.

Mississippi-elva skal ha gått nesten 15 meter over sine breidder i dag, godt over grensa for å bli rekna som flaum.

Det er blitt evakuert 1300 heimar i lågtliggjande nabolag, men styresmaktene melder at dei har gode kontrollsystem som hindrar flaumen frå å spre seg ytterlegare.

Gode rutinar

Det er sett opp mange dike ved elva som skal halde tilbake vatnet, og over 20 000 sandsekkar er tilgjengeleg dersom flaumen skulle utvikle seg.

– Det skal ikkje vere noko frykt for at dika vil bryte saman, seier Vernie Reichling Jr som har ansvar for flaumkontroll ved Mississippi-elva til pressebyrået AP.

Elvis ligg trygt

Ved sentrum av Memphis, som ligg i staten Tennessee, har elva vakse til å verte 4,8 kilometer brei, mot den vanlege breidda på 800 meter.

Vidare inn i landet ligg Graceland, den berømte heimen og gravstaden til Elvis Presley.

– Eg vil berre sei dette: Graceland er trygt. Me vil slåss mot helvete med ein vasspistol for å halde staden trygg, og eg er villig til å leie kampen, forsikrar Bob Nations Jr. i den lokale katastrofeberedskapen.

Lokal vêrvarsling melder om at elva vil nå ein topp rundt klokka 23.00 norsk tid.

Mississippi River Flooding (Foto: Patrick Semansky/Ap)

Styresmaktene forsikrar seg med sandsekker om dikene ikkje skulle halde.

Foto: Patrick Semansky/Ap
Siste utenriksnyheter

Nyheter fra verden