Hopp til innhold

Imad flyktar tilbake til Syria: – Tryggare der enn i Libanon

Minst 492 menneske er drepne og over 1600 skada, ifølge libanesiske helsemyndigheiter. No sender USA fleire styrkar til Midtausten.

To menn sitter i en varebil.

Syriske Imad sitt i ei bilkø som gjeng nordover i Libanon. Han er bygningsarbeidar og bor eigentleg i den vesle byen Nabatiye, rett ved grensa til Israel.

No flyktar han til Syria.

– Vi flykta til Libanon for å kome vekk frå krigen i heimlandet. No tar eg dei med tilbake fordi det er tryggare der enn i Libanon, seier han til NRK.

Det israelske militæret (IDF) gjekk måndag morgon ut med ei åtvaring til sivile sør i Libanon om at dei måtte evakuere. IDF seier dei har treft rundt 1300 Hizbollah-mål dei siste 24 timane og at eit «stort tal» Hizbollah-krigarar er drepne, skriv AFP.

Lebanon Mideast Tensions

Røyken stig opp frå landsbyen Kfar Rouman etter angrep måndag morgon.

Foto: Hussein Malla / AP

Området vårt blei jamna med jorda. Eg måtte kaste meg i bilen min med nokon få eigendelar, seier Imad.

Talet på drepne har stige gjennom dagen. Måndag kveld melder libanesiske helsemyndigheiter at 492 menneske er drepne i dei israelske angrepa. Minst 35 av desse skal vere barn.

I tillegg til dei drepne er minst 1645 såra i angrepa.

Eg er så lei krig. Eg håpar det kan ta slutt snart. Vi har opplevd nok krig.

Imad sitter i en varebil. Bak står flere biler i kø.
Foto: Yama Wolasmal / NRK

Måndag kveld melder IDF at det er gjennomført eit «målretta angrep» i Beirut, men dei seier ikkje noko om kva målet for angrepet var.

Utanriksminister Espen Barth Eide ber nordmenn forlate Libanon, skriv VG.

– Utanriksdepartementet rår frå alle reiser til Libanon, og oppfordrar nordmenn som er i Libanon om å forlate landet medan det framleis er mogeleg.

– Skal endre sikkerheitsbalansen

Måndag ettermiddag seier Israels statsminister Benjamin Netanyahu at dei har «kompliserte dagar» føre seg, skriv Reuters.

– Eg har lova at me skal endre sikkerheitsbalansen og maktbalansen i nord. Det er nøyaktig det me skal gjere, seier han.

  • Mens eksplosjoner går av i bakgrunnen pakker en mann sammen strandsakene sine.

    Mens eksplosjoner går av i bakgrunnen pakker en mann sammen strandsakene sine.

    Foto: Aziz Taher / Reuters/NTB
  • Innbygerne i Sidon i Libanon evakuerer byen.

    Innbygerne i Sidon i Libanon evakuerer byen.

    Foto: Mohammed Zaatari / AP/NTB
  • En mann henter barna etter at skoler stengte tidlig i Beirut mandag.

    En mann henter barna etter at skoler stengte tidlig i Beirut mandag.

    Foto: Mohamed Azakir / Reuters
  • En mann leser en melding han har fått, som ber innbyggere evakuere fra områder hvor Hizbollah skjuler våpen.

    En mann leser en melding han har fått, som ber innbyggere evakuere fra områder hvor Hizbollah skjuler våpen.

    Foto: JOSEPH EID / AFP

Som svar på angrepa i Libanon, seier Hizbollah at dei har angripe militærbasar nord i Israel med fleire titals rakettar. Det skriv Reuters. Skadeomfanget er førebels uklart.

USA sender soldatar

President Joe Biden seier at dei arbeider med å de-eskalere situasjonen.

USA meldte måndag kveld at dei som følgje av angrepa vil sende fleire soldatar til Midtøsten.

Pentagon gjev ingen detaljar om kva styrkar det er snakk om eller kva soldatane skal gjere i regionen.

USA har frå før rundt 40.000 soldatar i området.

Les også Israels forsvarsminister sier de flytter styrker og ressurser mot nord

Israels forsvarsminister Yoav Gallan

Fleire landsbyar sør og aust i Libanon skal vere utsette for angrep, ifølge augevitne.

Det libanesiske nasjonale nyheitsbyrået NNA skriv at israelske kampfly gjennomførte meir enn 80 angrep i løpet av ein halvtime i Nabatieh-området.

IDF hevdar at det var Hizbollah-våpen i alle husa dei har angripe i Libanon.

– Me kjem til å angripe Hizbollah sine strategiske våpen i Bekaadalen-området. Sivile der bør evakuere, seier talsperson Daniel Hagari ifølge Reuters.

– Folk er veldig redde

Claudio Feo er landsdirektør for Norsk Folkehjelp i Libanon. Han oppheld seg no i hovudstaden Beirut.

– Me er framleis i sjokk. Folk er veldig redde, og fryktar for eigne og familiemedlemmer sine liv. Dei er usikre på kva som skjer vidare no.

Claudio Feo frå Norsk Folkehjelp.

Claudio Feo frå Norsk Folkehjelp.

Foto: Norsk Folkehjelp

Han trur at dødstala kjem til å auke og fryktar at fleire sivile liv vil gå tapt.

– Israel visar at dei har tråkka over ei grense, både geografisk og militært, seier Feo.

Norsk Folkehjelp har to kontor i Libanon. Eit i Beirut og eit i den sørlege byen Tyr, nær grensa til Israel. No har dei stengd begge, av omsyn til dei tilsette.

– Kontoret i Tyr stengde me i går. I dag måtte me også stenge kontoret i Beirut, fordi det går rykte om at Israel vil angripe også her, seier Feo.

FNs generalsekretær António Guterres åtvarar mot å gjere Libanon til «eit nytt Gaza».

– Det verkar openbert at ingen av partane ønskjer våpenkvile der, seier han med tilvising til Israel og Hizbollah-militsen.

Nyttar skular som tilfluktsrom

Libanesiske styresmakter vil nytta skular som tilfluktsrom i det austlege og sørlege Libanon, samt i Beirut og Tripoli. Det skriv Reuters.

Helseministeren seier fleire tusen familiar har flykta frå bombinga, og at 5000 har blitt såra i israelske angrep på under ei veke.

Helsestyresmaktene har bede sjukehusa sør og aust i landet om å innstille alle operasjonar som ikkje hastar, slik at dei skal kunne ta seg av såra frå kampane.

Mange biler på veiene i Sidon sør i Libanon.

Mange flyktar i bil frå Sidon sør i Libanon.

Foto: Mohammed Zaatari / AP/NTB

– Vil gjere det som trengst

Talsperson for IDF Daniel Hagari fekk spørsmål om Israel har planar om ein bakkeinvasjon inne i Libanon. Han svarte då at dei er villige til å gjere det som trengst for å sikre områda nord i landet.

Daniel Hagari er talsperson for IDF.

Daniel Hagari.

Foto: GIL COHEN-MAGEN / AFP

– Det Israel nok ønskjer å gjere, er lage ei buffersone sør for Litanielva i Libanon, slik at israelarar kan flytte tilbake til Nord-Israel. Problemet er at ein då skaper ein situasjon der Hizbollah blir tvinga til å svare, og så står ein plutseleg i ein alvorleg krigssituasjon der Hizbollah bruker meir langtrekkjande rakettar i angrepa sine.

Det seier Midtausten-ekspert og seniorforskar ved fredsforskingsinstituttet Prio, Jørgen Jensehaugen.

Statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) er i New York måndag, der han skal delta på FN si hovudforsamling. Han fryktar at konflikten vil eskalere.

– Spørsmålet er om man kan forhindre at det blir ein regional storkrig. Eg meiner at det er mogeleg, og at vi må jobbe for det.

Smoke billows over southern Lebanon

Røyken ligg tungt over Sør-Libanon måndag morgon etter nye angrep frå Israel.

Foto: Aziz Taher / Reuters

Meir frå Utanriksredaksjonen:

SISTE NYTT

Siste meldinger