Hopp til innhold

Norsk tenåring arrestert i USA etter truslar om skuleskyting

Ein norsk tenåring vart tidlegare denne veka arrestert i USA i samband med truslar om skuleskyting i den amerikanske delstaten New York.

Dette skal ha skjedd sist tysdag ved ein privat internasjonal skule. Ein elev ved skulen skal ha motteke ei anonym melding sendt med ein Iphone via AirDrop, om at det ville bli sett i verk skyting ti minutt seinare, melder Dagbladet .

Dette utløyste ein stor politiaksjon ved skulen, som har fleire hundre elevar. Spora peika i retning av at den norske eleven stod bak meldinga. Pressetalskvinne Astrid Sehl seier til NRK at dei er kjende med saka og stadfestar at det er snakk om ein norsk borgar.

Guten vart seinare sett fri, og saka er oversendt ein lokal rettsinstans. Politiet gjorde grundige undersøkingar på skuleområdet, men det vart ikkje funne våpen, ifølgje The Journal News.

Politiaksjonen varte i tre timar. Tre andre skular i området sette i gang ein såkalla lockout i samband med hendingane.

– Vi vart varsla om trusselen mot skulen og fylgde tryggingsrutinane våre. Vi kontakta straks politiet. Dei har konkludert med at trusselen ikkje var reell, og skulen sine aktivitetar held fram som normalt. Alle elevane er trygge og uskadde, seier ein talsperson for skulen.

SISTE NYTT

Siste nytt