Drepen på ferie i Ungarn

Utanriksdepartementet stadfestar måndag kveld opplysningane om at ei ung norsk kvinne søndag blei funnen drepen i Budapest i Ungarn.

Budapest, Ungarn

Den 21 år gamle norske kvinna vart funnen drepen på eit hostellrom i den ungarske hovudstaden Budapest. Dødsårsaka er framleis ukjent.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Kvinna som søndag blei funnen drepen på eit ungdomsherberge i Budapest, Ungarn er norsk. Det stadfestar UD overfor NTB.

Det var VG Nett som først melde om funnet av den 21år gamle kvinna.

– Blei drepen

Ungarsk politi seier 21-åringen har vorte utsett for ei kriminell handling, og stadfestar at dei no har sett i gong kriminaletterforsking

– Me er heilt sikre på at ho er drepen, seier ein talsmann for politiet til ungarsk TV.

Ifølgje det ungarske nyheitsbyrået MTI blei den unge kvinna funnen livlaus på eitt av romma på herberget i den ungarske hovudstaden søndag. Det var ein av dei tilsette ved herberget som fann kvinna.

Var på ferie

Politiet i den ungarske hovudstaden er sikre på at kvinna var på ferie i Budapest, og at ho er norsk statsborgar.

– Me har forsøkt å finne vitner og identiteten hennar, og har lukkast med det siste. Ho var norsk og var her på ferie, seier Endre Kormos, talsmann for politiet i Budapest, til Dagbladet.

Ungarsk politi har i natt granska staden der kvinna blei funnen. Dei skal ha funne ting i rommet som indikerer at kvinna er 21 år og kjem frå Noreg.

Politiet skal også ha gjort fleire avhøyr i samband med dødsfallet. Dødsårsaka er framleis ukjent, og politiet har så langt vore sparsame med detaljane i saka.

Saka vert oppdatert.

SISTE NYTT

Siste nytt