Hopp til innhold

Utviser tre russiske diplomatar ved Russlands ambassade: – Tidspunktet er ikkje tilfeldig

Tre diplomatar ved Russlands ambassade i Oslo er erklært uønskte i Noreg og må forlate landet.

e1FslD4OwWQ

Noregs utanriksminister Anniken Huitfeldt (Ap).

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB

Dei tre har drive verksemd som ikkje harmonerer med den diplomatiske statusen deira, opplyser Utanriksdepartementet.

– Tidspunktet for desse utvisingane er likevel ikkje tilfeldig. Dei kjem på eit tidspunkt då heile verda blir skaka av rapportar om russiske styrkars overgrep mot sivile, særleg i byen Butsja utanfor Kyiv, seier utanriksminister Anniken Huitfeldt (Ap).

Russland varslar reaksjonar

– Vi bekreftar informasjonen publisert på UD sine nettsider om at tre tilsette ved russiske diplomatiske organisasjonar i Oslo er erklært Persona Non Grata, bekreftar Timur Chekanov ved den russiske ambassaden ifølgje VG.

Ambassaden vil som UD ikkje seie kva dei aktuelle diplomatane heiter, skriv avisa.

– Dette er eit nytt uvenleg skritt frå den norske sida som ikkje blir ubesvart frå Russlands hald, understrekar Chekanov.

NRK har enno ikkje lykkast med å få ein kommentar frå Russland sin ambassade i Oslo.

Det russiske utanriksdepartementet si talskvinne, Maria Zakharova, seier ifølge Russia Today at Moskva vil gi eit tilsvarande svar på utvisinga av russiske diplomatar frå Noreg.

Dei siterer det statseigde russiske nyheitsbyrået Tass på dette.

Zakharova seier og at vesten dei siste tiåra har brukt utvising av russiske diplomatar som eit informasjonspolitisk angrep.

Russlands ambassade i Oslo

Russlands ambassade i Oslo.

Foto: Vegard Tjørhom / NRK

Reaksjon på massakre i Butsja

Kunngjeringa følgjer etter ei massiv internasjonal fordømming av massakren i Butsja. Huitfeldt beskriv hendingane der som sjokkerande.

– Det er naturleg at vi i ein slik situasjon gjev meir merksemd til uønskt russisk verksemd i Noreg, seier ho.

Dei siste dagane har europeiske land utvist nesten 200 diplomatar. Sju land melde om utvisingar tysdag. Danmark utviste 15, og Sverige utviste tre. I dag følgde altså Noreg etter.

– Saman med våre nære allierte og partnarar vil vi halde fram med å stå saman mot Russlands aggresjon og i vår støtte til Ukraina, seier Huitfeldt.

Høgre støttar regjeringa si avgjerd

– Høgre støttar denne avgjerda fullt ut, seier tidlegare utanriksminister Ine Marie Eriksen Søreide til NRK.

Ho oppfordrar regjeringa til å koordinere tett med andre europeiske land for å sjå om det er behov for å utvise fleire russiske diplomatar.

Det er ikkje nok med sanksjonar etter avsløringa av massakren i Butsja, og derfor kjem utvisingane i dag på riktig tidspunkt, meiner Eriksen Søreide.

– Utvising er eit sterkt verkemiddel, seier ho.

– Kortsiktig trekk

Kreml-talsmann Dmitrij Peskov skildra i går utvisingane av russiske diplomatar frå fleire europeiske land som «eit kortsiktig trekk».

– Å avgrense moglegheitene for diplomatisk kommunikasjon i ei så vanskeleg krise, er eit kortsiktig trekk som vil gjere dialog vanskeleg, dialog som er heilt nødvendig for å finne ei løysning, sa han.

Les meir Overlevande fortel om angrepa i Butsja

Bygning brenner i Sievjerodonetsk

SISTE NYTT

Siste nytt