Nord-Korea truar med krigslover

Nord-Korea truar med å innføre krigslover for å kunne dømme ein fengsla amerikanar hardare, om ikkje USA oppfører seg skikkeleg.

Amerikanaren Aijalon Gomes vart arrestert i Nord-Korea 25. januar i år.

Aijalon Gomes sonar ei straff på åtte års straffarbeid, og no kan straffa bli enda hardare.

Foto: Ahn Young-joon / AP

Styresmaktene i Pyongyang ber USA stanse det dei kallar ein kampanje for å leggje skulda for senkinga av eit sør-koreansk krigsskip på Nord-Korea.

Åtte års straffearbeid

Aijalon Gomes sonar ein dom på åtte års straffarbeid for ulovleg å ha teke seg over grensa til Nord-Korea.

No heiter det at Nord-Korea aldri kan godta USAs krav om å setje Gomes fri, og at han risikerer strengare straff.

Det var 25. januar i år at Aijalon Gomes vart arrestert på den nordkoreanske sida av grensa. Han vart blant anna tiltalt for spionasje.

USA og Sør-Korea arbeider for at Tryggingsrådet i FN skal vedta ein resolusjon som fordømmer senkinga av eit sørkoreansk krigsskip i Gulehavet 26. mars i år, der 46 menneske omkom.

Ein internasjonal granskingskommisjon har slått fast at skipet vart senka av ein nordkoreansk torpedo, men Nord-Korea har kategorisk avvist at dei står bak. Seinare har Pyongyang fleire gonger trua med å gå til militært angrep på nabolandet.

LES OGSÅ: Ber Nord- og Sør-Korea roe situasjonen

LES OGSÅ: Ny statsminister i Nord-Korea

LES OGSÅ: Nord-Korea truer med å angripe Sør-Korea

LES OGSÅ: Nord-Korea advarer FN

LES OGSÅ: Klager Nord-Korea inn for FN

NRK anbefaler

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt