NRK Meny
Normal

Nesten alle avretta i Houla

Under 20 av dei til saman 108 drepne i Houla-massakren vart drepne i strid. Resten vart regelrett avretta av gjengar knytt til Assad-regimet. Det seier FNs menneskerettskontor.

Døde mennesker i Syria

NESTEN ALLE AVRETTA: Av dei 108 drepne i Houla vart 80 avretta, meiner FNs menneskerettskontor.

Foto: Handout / Reuters

– Me er framleis på eit veldig tidleg stadium av undersøkingane. Men eg trur me no kan seie at under 20 av dei 108 drepne i Houla vart drepne av artilleri og skot frå stridsvogner, seier Rupert Colville, talsmann for FNs menneskerettskontor.

Resten – 88 menneske – vart regelrett avretta.

FN byggjer tala på samtalar med overlevande etter massakren i Houla førre veke. I samtalane fortel dei overlevande at såkalla shabiha-gjengar som støttar regimet til Bashar al-Assad, gjekk inn i Houla etter at syriske regjeringsstyrkar hadde gjennomført eit militæråtak på byen. I to rundar skal gjengane ha samla menneske i flokkar i den nærliggande landsbyen Taldaou, og avretta dei.

I etterkant av massakren har no tre land reagert med å utvise Syrias diplomatiske representantar i kvart land. Både Storbritannia, Frankrike, Tyskland, Spania, Italia, Canada og Australia har no gjeve syriske diplomatar beskjed om å forlate landa. Det vert gjort etter ei felles, internasjonal semje.

– Dette er ingen unilateral bestemming, men eit samarbeid med våre partnarar, seier den franske presidenten Francois Hollande i fylge Reuters.

– Det er den mest effektive måten å sende ei melding om avsky til den syriske regjeringa, seier den australske utanriksministeren Bob Carr.

Han vonar fleire land vil fylgje etter.

Annan møter Assad

Åtaka skapte kraftige reaksjonar frå omverda, og Tryggingsrådet i FN fordømte sundag åtaket. Russland og Kina har gjennom opprøret ikkje gått med på å signere under ein FN-resolusjon mot Syrias regime, men stilte seg begge bak fordømminga av åtaka i Houla. Om Syria misser støtta frå Russland og Kina, så kan det bety slutten for regimet til Assad.

Robert Mood, den norske leiaren for FNs observatørskorps i Syria, reiste sjølv til Houla laurdag, og uttrykte at det var ein svært vanskeleg dag.

– Inntrykket som slår mot deg når ein ser 34 born under ti år som er offer for vald, er eit av dei sterkaste inntrykka ein kan møte, sa Mood til NRK då.

(Artikkelen held fram under biletet.)

Flere barn ble drept i byen Houla i Syria

MANGE BORN: 49 av dei drepne i Houla var born – 34 var kvinner. Massakren vert eit viktig samtalepunkt mellom Kofi Annan og Bashar al-Assad i dag.

Foto: - / Afp

Moods sjef, Kofi Annan, er i Syria i dag for å møte president Bashar al-Assad, som ein del av Annans fredsplan. Men ingen store gjennombrot er venta.

– Det er ikkje store forventningar til desse samtalane. Houla-massakren set agendaen for møtet, og viser for heile verda kor mykje vald som faktisk går føre seg i Syria, seier Sigurd Falkenberg Mikkelsen, NRKs korrespondent i Midtausten.

Mikkelsen understrekar at det er eit høve til å fortelje Assad korleis verda ser på hans regime, men at det ikkje er venta umiddelbare resultat.

Kofi Annan er venta å halde ein pressekonferanse om møtet rundt 17.00 i dag, norsk tid.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt