Hopp til innhold

Natascha klar til å møte verda

Natascha Kampusch, som vart halden som fange i åtte år, seier ho snart er klar til å møte verda for fullt.

Natascha Kampusch vart intervjua av austerriksk fjernsyn sist veke.
Foto: , STAFF

- I prinsippet kjenner eg meg alt sterk nok til å delta i samfunnslivet. Eg er ei robust jente, og eg blir betre for kvar dag som går, seier ho i eit intervju med det austerrikske vekemagasinet News.

Natascha fortel at ho har bestemt seg for å røyste ved det komande valet i Austerrike, og seier at ho kjenner seg godt nok informert om politikk til å delta.

 

Natascha Kampusch
Foto: RTV

På sjukehus

Natascha Kampusch, som stod fram i eit kjensleladd fjernsynsintervju sist veke, oppheld seg enno på eit sjukehus i Wien, der ho blir skjerma for journalistar og andre som gjerne vil snakke med henne. Fleire legar og psykiatrar passar på at ho får rett behandling.

Ho brukar framleis hovudplagget ho bar under fjernsynsintervjuet, som også vart vist på NRK1. Ho gjer dette fordi det skal bli lettare for henne å endre på utsjånaden sin, slik at ho unngår å bli attkjend over alt.

Motstridande kjensler

I intervjuet med News fortel ho at har eit motstridande forhold til media og den enorme interessa frå andre menneske.

- På den eine sida er eg glad for å få så mykje merksemd. På den andre sida gjer mediainteressa det vanskeleg å leve eit normalt liv, seier Natascha.

News skriv at den 18 år gamle jenta skal gjennomgå fleire medisinske testar denne veka, blant anna av augene, som er svært sårbare overfor lys etter dei mange åra i fangenskap innandørs.

Mannen som heldt Natascha Kampusch som fange i åtte år, Wolfgang Priklopil, tok livet sitt same kvelden som Natascha greidde å kome seg ut av huset hans og og ut i fridomen igjen.

Sjå intervjuet med Natascha Kampusch her

 

SISTE NYTT

Siste meldinger