Hopp til innhold

Mystisk mann fotografert før ranet

Svensk politi har gått ut med intern etterlysning av ein mystisk mann fotografert i buskane utanfor ein verditransportsentral kort tid før ranet i Stockholm.

Pengetransportsentral i Västberga ranet
Foto: SCANPIX SWEDEN / REUTERS

Politiet i Stockholm og Rikskriminalpolisen i Sverige kan ifølgje Dagbladet.no og svenske Expressen vere i ferd med å sirkle inn sentrale personar som deltok eller var involverte i ranet mot verditransportsentralen G4S i Västberga utanfor Stockholm tidleg onsdag morgon.

Les også: Ranerne slo til i helikopter

"Akutinfo"

Dagbladet.no har fått tak i interne bilete av ein mann politiet så langt ikkje har klart å identifisere. Bileta er distribuert på intranettet til politiet under tittelen "Akutinfo", med melding om at politiet snarast treng identiteten til mannen.

Den mystiske personen skal ha vorte sett utanfor verditransportsentralen berre eit par veker før ranet skjedde.

Pressetalsmann Ulf Göranzon i Stockholmspolitiet ønskjer ikkje å kommentere bilete.

- Er det slik at ein har fått informasjon om ein person så skal mannen identifiserast slik at han kan sjekkast ut eller inn av etterforskinga, seier han til Dagbladet.no

Gjev 7 millionar for informasjon

Svenske medium melde i går at det svenske politiet vart tipsa om at det var planlagt eit ran av ein pengesentral i landet.

Tipsa skal mellom anna ha gått ut på at ein pilot var henta frå Servia, for å utføre avansert flyging. Informasjonen vart snappa opp av balkansk politi og opplysningane vart vidaresendt til svensk politi.

Les også: - Mafiaboss bak ranet

Ifølgje expresse.se vil G4S gje opp til sju millionar kroner for informasjon som leier til griping og påtale eller at pengane som vart stolne kjem til rette.

SISTE NYTT

Siste nytt