Hopp til innhold

Farao-mumiar øydelagde etter plyndring

Tjuvar har teke seg inn det Egyptiske Museet i Kairo og øydelagt to farao-mumiar. Fleire uerstattelege gjenstandar frå oldtida er skadde eller stolne.

Video Museet i Kairo er plyndret for antikke skatter

Fleire tusen år gamle nasjonalskattar er øydelagde etter innbrot i det Egyptiske Museet i Kairo.

Det Egyptiske Museet i Kairo vart natt til laurdag plyndra i kaoset som har oppstått på grunn av den sterke misnøyen med president Hosni Mubarak og hans 30 år lange regime.

Museet husar 100 000 gjenstandar frå det antikke egypt. Dette er den største samlinga i verda av gjenstandar frå det faraoiske Egypt, og nokre av dei er meir enn 5000 år gamle.

Museet er no vandalisert, og fleire av dei mest sjeldne og antikke artefaktane er øydelagde eller stolne.

– Trist i dag

– Eg er veldig trist i dag. Då eg kom til museet i dag fann eg ut nokon hadde brote seg inn og gjort hærverk. Eg takkar dei gode egyptarane som forsøker å stoppa tjuvane frå å gjera innbrot, seier Zahi Hawass, leiar for Egypts arkeologiske utgravingar til fjernsynskanalen Al Jazeera.

Museet ligg like i nærleiken av hovudkvarteret til regjeringspartiet NDP, som i går blei sett fyr på av hissige demonstrantar.

Regimekritikarar og soldatar frå Hæren stod i går side om side for å beskytta uerstattelege nasjonalskattar.

Museet i Kairo

Museet i Kairo ligg midt i hjertet av opprøret i hovudstaden.

Foto: KHALED DESOUKI / Afp

Farao-mumiar øydelagde

Blant dei mest verdifulle gjenstandane som er stilte ut på museet, er gullskattane frå faraoen Tuth Ankh Amons gravkammer.

Styresmaktene opplyser om at to farao-mumiar er øydelagde som følgje av innbrotet. Diverse inventar frå Tuth Ankh Amons gravkammer og ushabti-figurar skal også vera ramponerte.

Aktivistane avviser på si facebook-side at dei er innblanda i plyndringa.

Laurdag er det opptøyar i Egypt for femte dag på rad. Innbrota og hærverket held fram, og aktivistar dannar no eit menneskeleg skjold rundt det Egyptiske Museet i Kairo for å hindra fleire øydeleggingar.

Dei militære troppane rettar laurdag kveld ei stor takk til demonstrantane som er villige til å verna om nasjonalskattane med sine eigne liv.

Egyptere beskytter Museet i Kairo

Egyptarar slår jernring rundt det Egyptiske Museet i Kairo.

Foto: KHALED DESOUKI / Afp

SISTE NYTT

Siste nytt