Hopp til innhold

Mette-Marit frontar aids-kampanje

Dersom eg var hiv-positiv, ville du ha invitert meg heim?

Mette-Marit
Foto: Bildemontasje NRK / Scanpix

Spørsmålet kjem frå kronprinsesse Mette-Marit og er å finne på ein plakat som skal lanserast under den internasjonale aids-konferansen i Mexico neste veke.

"Stopp hiv, ikkje personane som lever med hiv" heiter kampanjen, som har som føremål å auke det internasjonale medvitet om reiserestriksjonar for hiv-positive, tilgang til behandling, kriminalisering, aids på arbeidsplassen og menneskerettar.

Dersom eg var hiv-positiv, ville du la meg studere i ditt land, ville eg ha rett til å reise fritt rundt i verda, ville du ha late meg vere legen din, ville du la meg passe på deg? Dersom eg var hiv-positiv, ville det bety noko for deg? spør Mette-Marit saman med politikarar og representantar for ulike forskingsmiljø og interesseorganisasjonar.

Ville det bety noko for deg?

Kampanjen vert lansert av den franske aids-organisasjonen AIDES og International AIDS Society og starta fyrste gong i Frankrike i 2007. Andre som har delteke i kampanjen er den franske presidenten Nicolas Sarkozy og motstandaren hans Ségolène Royal.

I løpet av den internasjonale aids-konferansen kjem fleire av dei 20.000 deltakarane også til å verte bedne om å vere med på kampanjen.

Konferansen går føre seg 3. til 8. august i Mexico City og samlar representantar frå styresmakter, forskingsmiljø, næringsliv, friviljuge organisasjonar og mediehus verda over.

Mette-Marit er med på kampanjen som spesialutsending for FN sitt fellesprogram for kampen mot hiv og aids, UNAIDS, men kjem ikkje til å vere til stade på aids-konferansen.

Det opplyser kommunikasjonsrådgjevar Svein Gj. Gjeruldsen til Aftenposten.

SISTE NYTT

Siste nytt