May og Trump lovar full støtte til Nato

WASHINGTON DC (NRK): Theresa May sa etter møtet med Donald Trump i Det kvite hus i dag at dei to landa er samla i synet på forsvarsalliansen Nato, og at begge kjenner seg forplikta til å halde fram forsvarssamarbeidet.

Theresa May sa etter møtet med Donald Trump i Det kvite hus i dag at dei to landa er samla i synet på forsvarsalliansen Nato, og at begge landa kjenner seg forplikta til å halde fram forsvarssamarbeidet.

VIDEO: Lovar full støtte til Nato

Theresa May sa også at dei to er samde om kor viktig det er å kjempe mot IS og andre islamistiske grupperingar. Både Trump og May sa etter møtet i Det ovale rommet at USA og Storbritannia har eit heilt spesielt forhold, både kulturelt, militært og økonomisk.

Dei to leiarane sa at dei vil sjå på måtar dei kan utvikle handelssamarbeidet mellom dei to landa.

Donald Trump og Theresa May.

Det var eit vellukka møte mellom Theresa May og Donald Trump i Det kvite hus.

Foto: Kevin Lamarque / Reuters

Theresa May sa også at ho på vegner at dronning Elizabeth hadde invitert Donald Trump på statsbesøk til Storbritannia i løpet av året, og ho uttrykte glede over at han takka ja til innbydinga.

Russland og Kina

Den amerikanske presidenten fekk spørsmål om blant anna Russland, Vladimir Putin og Kina. Det blei i løpet av pressekonferansen klart at Trump og May ikkje har heilt samanfallande syn på Russland. Trump heldt det ope at han vil heve sanksjonane, medan Theresa May heldt fast med at Minsk-avtalen for Ukraina må etterlevast først. Trump skal snakke med Vladimir Putin laurdag.

– Vi får sjå kva som skjer. Det er for tidleg å snakke om. Vi vil ha eit godt forhold til alle land. Om vi kan ha eit godt forhold til Russland og Kina er eg veldig for det. Eg garanterer ingenting, men det ville ha vore bra. Eg kjenner ikkje Putin. Det er mogleg vi får eit godt forhold, og det er mogleg at vi ikkje gjer det, sa Trump blant anna.

May og Trump om uenigheter

VIDEO: May og Trum om usemje

Theresa May gav ordet til ein britisk kvinneleg journalist, som spurde om Trump ville godta bruk av tortur under avhøyr av fangar. Då sa presidenten til May:

– Det var du som valde det spørsmålet. Der forsvann det forholdet.

Deretter svarte han på journalisten sitt spørsmål.

– Vi har nettopp fått ein dyktig forsvarsminister. Han har sagt offentleg at han ikkje nødvendigvis trur at tortur (waterboarding) verkar. Eg er ikkje nødvendigvis samd, men han er eksperten og han kan overprøve meg, sa presidenten.

Trump og Mexico

Trump fekk også spørsmål om forholdet til nabolandet Mexico. Tidlegare i dag hadde Trump ein time lang telefonsamtale med den meksikanske kollegaen sin. Enrique Pena.

– Vi hadde ein god samtale. Eg har stor respekt for Mexico og elskar det meksikanske folk. Men Mexico har halde oss for narr under dei tidlegare leiarane. Vi er samde om å jobbe saman for eit godt forhold, sa han.

Donald Trump snakker om hans forhold til Enrique Peña Nieto og om hvorfor det er nødvendig med en mur.

VIDEO: Trump om Mexico.

Han la likevel til at USA ikkje kan halde fram med å misse arbeidsplassar, og at det derfor er nødvendig med nye forhandlingar med nabolandet.

– Det var ein venleg telefonsamtale. Eg ser fram til forhandlingar dei neste månadene, og så får vi sjå kva som skjer, la han til.

Theresa May skaut inn at Storbritannia ser på forholdet mellom USA og Mexico som ei sak mellom dei to landa, og at ho ikkje ville leggje seg bort i det.

– Eit fantastisk forhold

Trump var høfleg og tilbakehalden, sjølv då han fekk spørsmål frå ein britisk journalist om korleis han kan kom overeins med May, han som stadig skiftar meining og opptrer framfusande mot hennar meir tilbakehaldne stil.

Trump svarte at han ikkje har vore vane å skifte meining, og at han i alle fall ikkje vil skifte oppfatning om brexit. Og han la til:

– Eg trur vi kjem til å få eit fantastisk forhold. Eg sa at brexit kom til å bli ein realitet, men eg vart latterleggjort i pressa. Dagen etter skjedde det. Eg trur brexit blir fantastisk for dykk. De får tilbake identiteten dykkar og kan inngå handelsavtalar utan at andre blandar seg inn, sa Trump blant anna i svaret sitt.

Akkurat nå møter den britiske statsministeren Theresa May USAs president Donald Trump i Det hvite hus. May er den første regjeringssjefen som besøker Trump etter at han ble tatt i ed for ei uke siden.

VIDEO: Trump helsar May velkomen.

- «Mi Maggie»

Donald Trump veit at han treng ein nær samarbeidspartnar i Europa. Theresa May er ein klar kandidat, fordi den amerikanske presidenten ikkje likar store alliansar. Han omtalte EU som «konsortiet» på pressekonferansen, og han viste til at han som forretningsmann hadde opplevd at det er «umogleg» å få godkjenningar derfrå.

Han har tidlegare sagt til medarbeidarar i Det kvite hus at Theresa May er «mi Maggie». Det er likevel for tidleg å seie om forholdet kan utvikle seg til noko i nærleiken av det forholdet Ronald Reagan hadde til Margaret Thatcher.

Dei to var truleg langt meir samkøyrde når det gjaldt frihandel og internasjonalt samarbeid generelt enn May og Trump er.

Winston Churchill

Pressekonferansen starta cirka kl. 1915. Theresa May kom til Det kvite hus klokka 18 norsk tid, og ho vart teken i mot av ein smilande Donald Trump.

Her viste Trump stolt fram bysta av Winston Churchill, som no er tilbake i Det ovale rommet etter å ha vorte flytta til eit anna rom av Barack Obama.

I ein tale til Det republikanske partiet i går sa Theresa May at dei to landa må fornye det heilt spesielle forholdet som er mellom dei to landa i takt med den nye tida. Den britiske statsministeren er blant anna oppteken av å få i stand ein handelsavtale med USA.

I talen til dei republikanske politikarane ho også at dei to landa «alltid må stå opp for vener og allierte i demokratiske land som ligg i tøffe nabolag», og ho hausta stor applaus. Men ho sa også at Storbritannia og USA ikkje kan gå tilbake til ein politikk med mislukka militære intervensjonar for å prøve å endre verda etter deira bilete.

Den britiske forsvarsministeren, Sir Michael Fallon, sa i dag tidleg til BBC at det Mae meinte med denne fråsegna, var at Storbritannia ikkje skal engasjere seg militært i utlandet utan at det er ein reell trussel mot landet.

Tidlegare i dag la Theresa May ned ein krans på grava til den ukjende soldaten på æreskyrkjegarden Arlington i delstaten Virginia, ikkje langt frå hovudstaden Washington DC.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt