Hopp til innhold

Kvitta seg med «rasistflagg» etter kyrkjeskyting

I Sør-Carolina kvitter dei seg i dag med sørstatsflagget ved offentlege bygg. Mange forbind flagget med rasisme, og då mannen som drap ni kyrkjemedlem i Charleston brukte flagget som symbol, så tok politikarane affære.

Sørstatsflagget i South Carolina ble i dag heist ned for siste gang

Sjå video frå seremonien utanfor delstatsparlamentet i Sør-Carolina, der sørstatsflagget i dag vart fjerna ei gong for alle.

– Dette er ein stor dag for Sør-Carolina, seier guvernøren i delstaten, Nikki Haley, til nyheitsbyrået Reuters.

Denne veka bestemte politikarane i delstaten, etter mange timar med diskusjon, at flagget skal takast ned og bli omgjort til ein museumsgjenstand.

Slaveri og rasisme

Sørstatsflagget har i over 50 år blitt brukt utanfor delstatsparlamentet i Sør-Carolina. Det vart først ført opp i 1961 for å markere at det var 100 år sidan den amerikanske borgarkrigen, og sidan har det vaia utanfor bygget.

Confederate Flag

Mange i Sør-Carolina har vore opptekne av å få bort flagget som dei meiner er eit symbol på rasisme.

Foto: John Bazemore / Ap

Det kontroversielle flagget vert av mange sett på som eit symbol for rasisme. Det er på grunn av flaggets bruk på midten av 1800-talet, då dei kvite styresmaktene forsøkte å undertrykke den svarte befolkninga. Sørstatene har også ei lang historie med slaveri.

Dei som framleis vil behalde flagget meiner at det ikkje har noko å gjere med rasisme, men derimot er eit symbol på stoltheit for å vere frå dei sørlege statane.

Men etter at massedrapsmann Dylann Roof brukte flagget då han tok bilete av seg sjølv, så blussa diskusjonen om flaggets symbolikk opp att. Og det heile enda altså med at flagget i dag vert fjerna frå offentlege bygg i delstaten etter å ha vaia der i 54 år.

US-GOVERNOR-NIKKI-HALEY-SIGNS-BILL-TO-REMOVE-CONFEDERATE-FLAG-FR

Det har også vore tilhengarar av sørstatsflagget. Mange meiner flagget ikkje symboliserer rasisme, men stoltheit for å vere frå det sørlege USA. Her er ein mann som viste sin motstand mot at flagget no vert fjerna på ei markering i går kveld.

Foto: JOHN MOORE / Afp

– Flagget skal fjernast med verdigheit

Under seremonien der flagget vart fjerna, var det fleire som ropte at flagget må bort. Også mange av dei pårørande etter kyrkjemassakren var glade for at flagget nå forsvinn.

Andre meiner det er vondt å tenke på at det måtte ein slik skytetragedie til før flagget vert historie.

TOPSHOTS-US-SHOOTING-CHARLESTON-WEBSITE-HOMOCIDE

Dylann Roof med eit sørstatsflagg og ein pistol.

Foto: Handout / Afp

Guvernør Haley sa at fjerninga av flagget skulle gjerast med respekt.

– Me er ein delstat som trur på tradisjonar. Me er ein delstat som trur på historia. Me er ein delstat som trur på respekt. Så me kjem til å ta ned flagget med verdigheit, sa Haley då ho signerte lovpapira som markerer slutten for flaggets eksistens på toppen av flaggstengene.

SISTE NYTT

Siste nytt