Hopp til innhold

Knutby-pastoren gifter seg igjen

Den drapsdømde Knutby-pastoren Helge Fossmo skal gifte seg igjen.

 

Helge Fossmo på veg til rettssalen i september 2004.

Helge Fossmo på veg til rettssalen i september 2004.

Foto: Janerik Henriksson / SCANPIX

Den norskætta pastoren er dømd til livsvarig fengsel for å ha stått bak drapet på kona si. No skal han gifte seg igjen, melder fleire svenske aviser.

Fossmo har brevveksla med den 30 år gamle småbarnsmora ei tid, og no skal dei altså tre inn i den heilage ektestand. Han sonar straffa si på Kumla-anstalten utanfor Stockholm.

 

 

 

 

Knutby-pastoren Helge Fossmo

Drapsdømde Helge Fossmo skal gifte seg igjen.

Foto: Passregisteret / SCANPIX

 - Vi skal møte framtida saman, seier Helge Fossmo.

Dei vart kjende gjennom brevveksling. Seinare fekk dei lov å snakke med kvarandre på telefonen, og deretter vart det møte i fengselet. Dei to trulova seg 2. juledag i fengselet.

Expressen prøvde i går å få kontakt med den 30 år gamle kvinna, men ho ville ikkje kommentere giftarmålet.

Patrick Waldau, som er gift med systera til avdøde Alexandra Fossmo, Åse Waldau, seier det slik:

- Min spontane kommentar er at eg håpar at ingen kjem til skade. eg forstår ikkje at nokon søkjer seg til han, seier han.

Åsa Waldau vart kalla Kristi Brud i Knutby, og ho var sentral i pinsekyrkjelyden der Helge Fossmo var pastor.

SISTE NYTT

Siste nytt