Tysdag feirar folkerepublikken Kina sitt 70-årsjubileum. Samstundes er president Xi Jinping i gang med sin ambisiøse plan:
Ingen kinesarar skal leva under fattigdomsgrensa på mindre enn ti kroner dagen innan neste år.
Det er høgt utdanna byråkratar som skal få det til å skje, beordra ut til fattige landsbyar over heile Kina.
– Om det ikkje var for Cao Luming ville eg ikkje hatt grønsaker å eta, eller hatt livsviktig medisin. Eg reknar han som min bror, eller min son, seier Li Shugui (66) til NRK.
Cao Luming vatnar grønsakene i bakgarden til Li, for bonden har lungekreft og klarer ikkje å utføra fysisk arbeid.
– Ingen oppgåver er for små for oss som arbeider med å koma fattigdomen til livs, seier Cao.
MEDISIN: Li Shugui har lungekreft og meiner han hadde vore i grava om ikkje Cao hadde hjelpt han med gratis medisin
Foto: Kjersti Strømmen / NRKAmbisiøst mål
Han er ein av mange millionar kinesiske byråkratar som no bidrar til gjennomføringa av president Xi Jinping sitt store prestisjeprosjekt.
Skal dei nå målet om at ingen kinesarar leva under fattigdomsgrensa på ti kroner dagen, inneber det at fleire enn 16 millionar menneske skal bli løfta ut av ekstrem fattigdom før 2020 er omme.
Sosial ulikskap blir omtalt som ein av dei største utfordringane for politisk stabilitet og utjamning er difor høgt prioritert.
Sidan Xi kom til makta i 2012 skal Kina ha fått minst 80 millionar færre fattige.
Mange flyttar frå heimbygda for å tena pengar i storbyane, og har sjølv skapt seg betre liv, men landet har også investert enorme summar for å koma i mål.
LANDSBYLIV: Utedoen blir frakta til tømming
Foto: Kjersti Strømmen / NRKHardbarka nevar
Cao er universitetsutdanna og jobba på kontor, men blei både stolt og glad då sjefen for to år sidan beordra han til landsbyen Wufu.
No har han fått hardbarka hender.
UTSENDING: Cao tar del i sopphaustinga
Foto: Kjersti Strømmen / NRK– Eg har lagt frå meg mykje blod og sveitte på desse markene, seier Cao om ein grapefrukt-åker han har etablert for å sikra landsbyen god inntekt.
Han har også introdusert sopp-produksjon til landsbyen som før dyrka ris, men møtte på mykje skepsis undervegs.
– Me hadde aldri korkje smakt eller sett sopp før han kom hit, seier Shi Aihua, som har fått jobben med innhausting.
Ho fortel at utan den nye næringa hadde ho ikkje hatt inntekt. No tener ho nesten fire tusen norske kroner i året. I tillegg får kvar familie ein andel på rundt to og et halvt tusen kroner årleg.
NY NÆRING: Innbyggjarane hadde aldri korkje smakt eller sett sopp før byråkraten kom til gards.
Foto: Kjersti Strømmen / NRKStorfamilie
Cao har flytta til landsbyen for å gjera maksimal innsats, og ser berre sine eigne to born ein gong i veka.
Han ringer dei ofte og prøver å sjå dei ein gong i veka, men må stålsetja seg når dei ber han koma heim.
– Alle me som er utsendingar i kampen mot fattigdom skuldar vår eigen familie mykje, men noko må vika for å oppnå andre ting, seier Cao.
Tid med den vesle kjernefamilien må ofrast til fordel for den kinesiske storfamilien, nasjonen, forklarer Cao.
TV-REPARATØR: – Ingen oppgåver er for små i kampen mot fattigdom, seier Cao Luming som reparerer fjernsynet til ei av byens fattige.
Foto: Kjersti Strømmen / NRK