Hopp til innhold

Israelske soldatar festa såra palestinar på panseret – IDF skal granska hendinga

Ein video viser ein såra palestinar festa til ein militær jeep. Den israelske hæren bekreftar å ha surra han fast til panseret før han blei køyrd til sjukehus.

Israelske soldatar festa ein skadd palestinar på panseret på ein militær jeep.

PÅ PANSERET: Den skadde palestinaren er Mujahed Azmi. Videoen skapar reaksjonar.

Foto: Reuters

Videoen er delt på sosiale medium og er verifisert av nyheitsbyrået Reuters.

Den såra palestinaren er Mujahed Abadi, som bur i Jenin. Hendinga skjedde under ein militæraksjon i byen på den okkuperte Vestbreidda laurdag.

Abadi sin familie seier det var ein aksjon for å arrestera folk og at han blei såra då han prøvde å springa frå israelske soldatar. Då dei bad om ein ambulanse, surra dei han på panseret og køyrde av garde, fortel familien.

– Femten minutt seinare kom det to jeepar. Dei kom inn her, bad oss om å snu oss rundt og ikkje sjå. Så plasserte dei han på panseret og tok han, seier eit 13 år gammalt familiemedlem som var augevitne ifølgje Reuters.

IDF: Vil granska hendinga

Den israelske hæren (IDF) seier at folka deira blei skotne på og at dei svara på dette. Vidare seier dei at ein person blei skadd og arrestert.

– Soldatane braut deretter med militær prosedyre. Dei tok med seg den mistenkte, surra fast oppå eit køyretøy, uttalar dei vidare.

IDF seier dei skal granska hendinga.

Israelske styrkar under ein militæroperasjon i Qabatiya, nær Jenin.

Israelske styrkar under ein militæroperasjon i Qabatiya, nær Jenin.

Foto: Raneen Sawafta / Reuters

– Åtferda til soldatane på videoen frå hendinga er ikkje i tråd med verdiane til israelske militæret.

Den israelske hæren seier vidare at Abadi er blitt køyrd til sjukehus der han får behandling.

Videoen har skapt reaksjonar.

– Menneskeleg skjold

– Menneskelege skjold i praksis.

Det skriv Francesca Albanese som er FNs spesialoperatør for dei palestinske områda, på X. Ho reagerer kraftig på videoen.

– Det er skremmande å sjå korleis ein stad som blei fødd for 76 år sidan har klart å snu internasjonale lover på hovudet, skriv ho vidare om Israel.

FNs spesialoperatør i dei palestinske områda, Francesca Albanese, reagerer på videoen.

FNs spesialoperatør for dei palestinske områda, Francesca Albanese, reagerer på videoen.

Foto: Amr Abdallah Dalsh / Reuters

Det er fleire reglar i krig for å beskytta sivile. Omgrepet menneskeleg skjold viser til når sivile blir brukt som menneskelege skjold for militære gjenstandar, noko som ikkje er lov.

Palestinske Raude halvmåne hevdar at dei israelske soldatane først nekta dei å gi førstehjelp til mannen.

– Så plassert dei den skadde mannen føre på ein militær jeep og arresterte han før dei seinare let mannskapa våre overføra han til eit sjukehus, skriv dei på X.

Situasjonen forverra

Situasjonen på Vestbreidda blir drastisk forverra, har FNs høgkommissær for menneskerettar Volker Türk åtvara.

Israel gjennomfører jamleg aksjonar mot mistenkte militære grupper, og det har blitt meldt om fleire valdelege angrep mot palestinarar frå jødiske busetjarar.

21 år gamle Qais Muhammad Zakarneh blei drepen i ein israelsk militæroperasjon i Qabatiyeh, nær Jenin, 14. juni.

21 år gamle Qais Muhammad Zakarneh blei drepen i ein israelsk militæroperasjon i Qabatiyeh, nær Jenin, 14. juni.

Foto: ZAIN JAAFAR / AFP

Sidan oktober har over 500 palestinarar blitt drepne av israelske styrkar eller av busetjarar. Over 100 av dei er born, ifølgje Türk.

Han er uroa over at fleire har blitt drepne i strid med folkeretten.

– Situasjonen på Vestbreidda, inkludert Aust-Jerusalem, blir drastisk forverra, sa Türk for nokre dagar sidan.

SISTE NYTT

Siste nytt

Modellen Bella Hadid, her på rød løper på filmfestivalen i Cannes 23. mai. Hun har en sort kjole med bare ermer og v-utringing. Det mørke håret er satt opp og hun har lange øredobber med blanke steiner.

Adidas dropper Bella Hadid-reklame

Staten Israel kritiserte en Adidas-reklame med den halvt palestinske modellen Bella Hadid. Nå er hun droppet fra kampanjen.

Momen Jaber spikrer tepper på plass

Palestinere til Hamas: – Ikke bruk oss som menne­skelige skjold

Israel bomber flyktningleirer og sivile i jakten på Hamas-toppene. Palestinere som NRK har snakket med, har en beskjed til krigere som gjemmer seg blant sivile.

Biden faller på flytrappa

Øyeblikkene som kan felle Biden

Det startet med noen fall, et feil navn her og der, antydninger om dårlig hukommelse. Nå vakler den amerikanske presidenten mer enn noen gang.