Hopp til innhold

Israel vil doble befolkninga på den annekterte Golanhøgda

Israelske styrkar har gått inn i den demilitariserte buffersona i Syria, medan regjeringa har godkjent ein plan om å utvide busettingane på den annekterte Golanhøgda.

jeep med soldatar med israelsk flagg køyrer på ein veg

BUFFERSONE: Israelske styrkar går inn i buffersona mellom Syria og Israel. Området har vore patruljert av FN sidan 1973.

Foto: Jamal Awad / Reuters

Golanhøgda er ein del av Syria, men har vore okkupert av Israel sidan 1967, etter den såkalla seksdagarskrigen med arabiske land.

annekterte Israel området i 1981. Det betyr at dei har overtatt området og erklært det for sitt eige. Annekteringa er i strid med folkeretten.

Det er berre USA, under Donald Trump, som har anerkjent Golanhøgda som israelsk territorium.

No har den israelske regjeringa vedtatt å utvide dei israelske busettingane i området og «doble populasjonen».

soldatar ser utover ei fjellside og peiker

Israelske soldatar på Golanhøgda, 11. desember.

Foto: Det israelske forsvaret / via Reuters

Regjeringa har sett av 11 millionar dollar til utdanning, fornybar energi, opprettinga av ein studentby i området, skriv The Times of Israel

– Israel held fram med å bryte det vi har av spelereglar i internasjonal politikk. Det gjer dei no i land etter land, seier Midtausten-ekspert Hilde Henriksen Waage til NRK.

Tyskland er blant landa som ber Israel om å legge vekk planane for Golanhøgda.

«Strategisk viktig»

Etter den arabisk-israelske krigen i 1967 blei det oppretta ei buffersone mellom Israel og Syria som FN har overvaka i 50 år, ikkje ulikt buffersona i Sør-Libanon.

Kartet viser den okkuperte Golanhøgda.

Hermon-fjellet, som er Syrias høgste fjell og i tillegg det høgste punktet i regionen, ligg i buffersona.

No har israelske styrkar tatt seg inn i området og opp på fjellet, og grunngitt det med at «sikkerheitsavtalen blei oppheva» då Assad-regimet fall for litt over ei veke sidan.

Israels forsvarsminister Israel Katz kallar fjellet strategisk viktig, og har bedt dei israelske styrkane om å førebu seg på å bli verande der gjennom vinteren.

soldater utenfor en stridsvogn

Israelske soldatar står ved Alpha-linja, buffersona som skal skille Israel og Syria frå kvarandre.

Foto: Matias Delacroix / AP

På Golanhøgda bur det 20.000 israelarar i ulovlege busettingar. Det bur også 20.000 syrarar der, dei fleste etterkommarar av drusarar som ikkje flykta då Israel okkuperte området i 1967.

Fleire syrarar nyheitsbyrået AP har snakka med, seier at dei ønsker fred med Israel, men at dei ønsker at Golanhøgda skal bli ein del av Syria att.

– Vi har allereie nok av problem

Tidlegare statsminister i Israel, Ehud Olmert, seier at det er ingen grunn til at Israel skal ta meir land av Golanhøgda.

– Vi har allereie nok av problem, sa han til radioprogrammet BBC World Service.

Olmert og forsvarsminister Israel Katz stod på kvar si side også i 2004, då Katz feilaktig annonserte ei utviding av busettingane på Golanhøgda, noko Olmert avviste.

mann feirer

Syriske drusarar feira på den annekterte Golanhøgda då regimet fall 8. desember. Dei ønsker fred med Israel, men at området skal vere syrisk.

Foto: Stoyan Nenov / Reuters

Den siste veka har også israelske styrkar angripe hundrevis av mål i Syria.

Israel kallar det sjølvforsvar «i møte med den politiske usikkerheita» etter regimets fall.

– Dette fører til ei stor usikkerheit og eit sinne i eit land som treng alle ressursar til å samle seg og prøve å bygge landet frå botnen av, seier Midtausten-ekspert Waage.

Den nye de facto-leiaren i Syria, Ahmed al-Sharaa, kallar angrepa for ei opptrapping, men legg til at landet er for utmatta til å gå inn i ein ny konflikt.

Ifølge observatørgruppa Syrian Observatory for Human Rights (SOHR) har Israel angripe fleire militære mål i kystregionen Tartous søndag. Det skal vere dei kraftigaste angrepa mot regionen på over ti år.

Dei sameinte arabiske emirata har fordømt dei israelske militæroperasjonane i Syria den siste veka, og utvidinga av busettingane.

– Dette er ein del av ein pågåande sabotasje av moglegheiter til å gjenopprette sikkerheit og stabilitet i Syria, skreiv Saudi-Arabias utanriksdepartement i ei fråsegn.

SISTE NYTT

Siste meldinger