Hopp til innhold

Hamas vil ha våpenkvile likevel

GAZA/OSLO (NRK): Israel er søndag i gang med nye åtak på Gazastripa, etter at Hamas nekta å gå med på ei forlenga våpenkvile. No har Hamas snudd.

Israelske stridsvogner nord på Gazastripa.

Israelske stridsvogner nord på Gazastripa den 18. juli. Israel avbraut søndag våpenkvila grunna rakettåtak frå Hamas. Like etterpå snudde den palestinske sjølvstyremakta.

Foto: RONEN ZVULUN / Reuters

«Som følgje av Hamas sine vedvarande rakettåtak under den humanitære våpenkvila, som det var semje om for å verna om dei sivile i Gaza, vil hæren no ta opp att sin aktivitet på bakken, til sjøs og i lufta over Gazastripa», heiter det i eit nytt fråsegn, ifølgje Reuters.

Innbyggjarar i Gaza skal ha høyrt kraftige smell aust for Gaza by kort tid etter kunngjeringa. Ifølgje sjukehuskjelder skal tre palestinarar vera drepne etter at Israel avbraut våpenkvila.

Først etter at Israel tok opp at bombinga av Gaza, opplyser Hamas at dei likevel går med på 24 timar våpenkvile.

FN med krav før muslimsk feiring

– Som reaksjon på FN sine krav om å ta omsyn til vårt folk og situasjonen under feiringa av id al-fitr, har motstandsgruppene blitt samde om ein humanitær pause i 24 timar. Den startar klokka 14 lokal tid (klokka 13 norsk tid), opplyser talspersonen til Hamas Sami Abu Zuhri.

Statsministeren i Israel, Benjamin Netanyahu, hevdar i ettermiddag at Hamas allereie har trossa si eiga våpenkvile og at Israel kjem til å gjera det dei må for å forsvara seg.

– Opptekne av å leva frå minutt til minutt

Said Zaqoud og Odd Karsten Tveit i Shajaya-distriktet av Gaza by

NRK er i Gaza, der både menneskelege og materielle skadar er store som følgje av konflikten med Israel.

Foto: Håvard G. Hagen / NRK

NRK er i Gaza og snakka med folk i gatene like før Israel starta opp att åtaka.

Folk er fortvila og fortel hjarteskjerande historiar om kva dei har opplevd og alt dei har mista - heimar, familie, livsglede.

Under den kortvarige våpenkvila strøymde palestinarane frå gøymestadane sine og ut i gatene for å skaffa seg mat og vatn.

Dei førebur seg på å feira slutten av den muslimske heilage fastemånaden Ramadan. Den tre dagar lange feiringa av høgtida id startar måndag.

Blant dei NRK møter i Gaza er det ingen som seier «me kan ikkje feira». Dei er opptekne av å leva frå minutt til minutt, time til time, døgn til døgn.

Skaut 20 rakettar i natt

Våpenkvila skulle i utgangspunktet vara i tolv timar frå laurdag morgon. Israel utvida først med fire timar og deretter fram til midnatt søndag, etter sterkt diplomatisk press frå USA, FN og Den arabiske liga.

Innbyggjarane i Gaza er ikkje i tvil om at det palestinske folket står samla og at Hamas vernar om dei, også etter at Hamas i går avviste ei forlenging av våpenkvila

Hamas skal ha skote rundt 20 rakettar mot Israel natt til søndag. Éin israelsk soldat mista livet som følgje av åtaka, opplyser ei talskvinne for den israelske hæren.

– Ei humanitær våpenkvile er ugyldig med mindre stridsvognene blir trekte ut og innbyggjarane fritt kan returnera til heimane sine, og at sjukebilar med såra fritt kan bevega seg rundt i Gaza, seier talsmannen for Hamas, Fawzi Barhum.

Over 1000 palestinarar er drepne i konflikten i løpet av dei tre siste vekene. Av desse er 206 born, opplyser UNICEF til NRK søndag.

I same periode har 43 israelske soldatar og tre sivile israelarar mista livet.

Saka blir oppdatert.

SISTE NYTT

Siste nytt