Hopp til innhold

Noreg kjøper fregattar frå Storbritannia

Noreg kjøper fem britiske fregattar for 136 milliardar kroner. Når dei blir levert er ikkje klart.

FREGATTKJØP: Statsminister, forsvarsminister og forsvarssjefen møtte pressa under ein pressekonferanse i dag.

Foto: Rodrigo Freitas / NTB

USA, Storbritannia, Frankrike og Tyskland har vore med i sluttrunden for å få kontrakten om kven Noreg skal kjøpe fregatt frå.

I dag kom avgjersla: Noreg skal kjøpe fregattar frå Storbritannia.

en mann med briller

Statsminister Jonas Gahr Støre på pressekonferanse i dag.

Foto: Rodrigo Freitas / NTB

Avgjerda blei kunngjort under ein pressekonferanse med statsminister Jonas Gahr Støre, forsvarsminister Tore O. Sandvik og forsvarssjef Eirik Kristoffersen like etter kl. 12.00 i dag.

Etter det NRK erfarer har kampen stått mellom Storbritannia og Frankrike på tampen.

Men det er dyrt. Prisen er på enorme 136 milliardar kroner.

Les også Kamp om å selje Noreg nye krigsskip: Skal jage russiske ubåtar

Tore O Sandvik

Handlar om trygging

– Noreg står i den mest alvorlege tryggingspolitiske situasjonen sidan den andre verdskrigen. Difor handlar dette i botn og grunn om tryggleik for landet, seier Støre om valet.

De britiske Type 26 fregattane er spesialutvikla for å oppdage, spore og kjempe mot ubåtar. Dette var også eitt av hovudkriteria til regjeringa for kjøpet.

Støre konstaterer at valet handla om kven Noreg peikar på som strategisk partnar.

Vidare poengterer han to spørsmål som har vore sentrale før kjøpet:

  1. Kven er den beste strategiske partnaren for Noreg ved kjøp av nye fregattar?
  2. Kan det landet som er den beste partnaren for oss, levere ein konkurransedyktig fregatt?

– Svaret på det første spørsmålet er Storbritannia. Og svaret på det andre er ja. Samla sett er dette den beste fregatten for Noreg, seier Støre.

Dette har vore dei viktigaste salsargumenta for britiske fregattar:

  • Storbritannia Type 26 (BAE Systems) Deplasement: Ca. 7 600 tonn. Besetning: 157, med kapasitet for opptil 208 personar. Spesialisering: Fokusert på anti-ubåt-krigføring med stillegåande elektrisk framdrift og avansert sonarutstyr. Våpensystemer: Utstyrt med Mk41 VLS for ulike missiltypar, inkludert Evolved Sea Sparrow. Status: I produksjon for Royal Navy; også bestilt av Canada og Australia.
    BAE Systems

    Salsargument frå den britiske regjeringa

    Fregatten er spesialisert på å oppdage og kjempe mot ubåtar. Både Storbritannia (8stk), Australia (9stk) og Canada (15) skal ha den same fregatten. Det set fart i bygginga, og vil kunne presse ned prisane og gjere det enklare med vedlikehald.

  • Logoen til Kongsberg gruppa på et bygg i Oslo sentrum.
    Frederik Ringnes

    Industrisamarbeid

    Vil samarbeide med Kongsberg Gruppen, Nammo og Umoe Mandal om utrusting av fregatten, og norske verft om vedlikehald. Det vil i tilfelle kunne gjelde alle dei potensielt 37–38 fregattane, om Noreg vel den britiske.

  • ein person som holder ein presentasjon for et publikum
    NRK

    Industrisamarbeid

    Blir det britisk fregatt, vil Umoe Mandal inngå kontrakt om å bygge 26 mindre stridsbåtar til det britiske forsvaret

  • et stort skip på vatnet
    John Linton / BAE Systems

    Levering

    Vil kunne levere første fregatt til Noreg innan 2029.

  • Ein gruppe menn som går mot et militærskip
    Paul S. Amundsen / NTB

    Interesser

    Storbritannia og Noreg har sterke felles interesser i nord, og styrkane har trent saman i arktis i over 50 år. Den britiske fregatten er rusta for å takle vêrforholda i farvatnet den skal operere i.

Britane tilbyr ein fregatt som er spesifikt eigna til vêrforholda i nord.

Støre poengterer likevel at det har vore eit vanskeleg val og at tilboda frå dei andre landa har vore gode.

Forsvarsminister Tore O. Sandvik er uroa for den tryggingspolitiske situasjonen i dag.

Tore O. Sandvik i dress og slips

Forsvarsminister Tore O. Sandvik under pressekonferansen i dag.

Foto: Rodrigo Freitas / NTB

– Vi står overfor ein meir alvorleg tryggingspolitisk situasjon no enn på mange tiår, seier han.

Korrespondent i Storbritannia, Gry Blekastad Almås, fortel om dei britiske fregattane og dei britiske reaksjonane om dette.

Uklar leveringsdato

Britane kan ikkje stadfeste når den første fregatten til Noreg kan bli levert.

Det britiske forsvarsdepartementet opplyser til NRK at diskusjonane om byggetidspunktet for dei norske fregattane startar no, og at intensjonen er å levere når Noreg ønskjer det.

Britane skal sjølv ha åtte av same fregattype innan 2035, med tre levert før og resten etter 2030. Avtalen med Noreg er den største eksporten av krigsskip britane nokon gong har inngått, målt i verdi, ifølgje departementet.

Frå britisk side er dei nøgde med at Noreg valde deira tilbod.

Keir Starmer iført briller og dress

Den britiske statsministeren Keir Starmer er nøgd med Noreg sitt val om fregattkjøp.

Foto: Reuters

– Dette historiske partnarskapet med Noreg er ei sterk tillitserklæring til britisk industri, våre væpna styrkar og vårt vedvarande leiarskap i Nato, sa den britiske statsministeren Keir Starmer etter kunngjeringa.

Starmer kalla også Noreg éin av sine næraste allierte.

Noreg skal kjøpe fem nye fregattar frå Storbritannia som skal erstatte dei fire søsterskipa til KNM «Helge Ingstad», som mange fekk eit forhold til etter den kolliderte og sokk i 2018.

Dyrt

Først blei det estimert at fregattane skal koste 125 milliardar kroner.

I dag skriv Keir Starmer X at prislappen for fregattkjøpet er sett til 10 milliardar pund – tilsvarande 136 milliardar norske kroner.

Tidlegare investeringar for forsvaret har også fått merksemd for prislappen. For to år sidan kjøpte regjeringa 54 stridsvogner av typen Leopard 2 frå tyske Krauss-Maffei Wegmann.

I Stortinget blei kostnadsramma for dette kjøpet sett til 19,7 milliardar kroner.

I fjor kjøpte forsvaret 54 jagarfly. Riksrevisjonen estimerte kva flya kom til å koste den norske stat, frå dei fekk fei i 2014 til drift og avhending i 2054.

Denne summen blei estimert til 349 milliardar kroner, men Riksrevisjonen sa då at viktige kostnadar var blitt utelatne.

Eit strategisk val

– Val av strategisk partnar har vore avgjerande, sa forsvarssjef Eirik Kristoffersen under pressekonferansen.

Den siste tida har forsvaret presentert argument for og i mot dei ulike fregattane overfor regjeringa. Også i den offentlege debatten har argumenta skote frå den eine til den andre sida.

Den franske fregatten ville ha knytt Noreg tettare til EU. Om Noreg hadde valt den amerikanske fregatten, ville dette ha vore eit signal om ein ynskjer tettare militært samarbeid med USA og Donald Trump. Det har dei då ikkje gjort.

Stemmer frå forsvaret har likevel åtvara mot å bruke politikk som grunnlag for avgjerda om fregatt, og at militær kapasitet skulle ha vore hovudargumentet.

Britisk eller fransk?

Det har stått mellom den britiske fregatten Type 26 frå BAE Systems og FDI-fregatten frå franske Naval Group.

Det franske tilbodet var ein 122 meter lang og 4460 tonn tung fregatt. Den har fått merksemd for sin omvende baug.

  • Frankrike  FDI-klassen (Naval Group)Deplasement: Ca. 4 460 tonn.Besetning: 125, med plass til opptil 153 personer.Spesialisering: Designet for høy operativ tilgjengelighet og effektiv anti-ubåt-krigføring.Levering: Naval Group har indikert at de kan levere n fregatt per år, med første levering i 2029.
    Naval Group

    Salsargument frå den franske regjeringa

    Fregatten er på havet, og snart klar for teneste for den franske marinen. Difor er dette alternativet nærast hyllevare, og franskmennene seier dei kan levere første fregatt i 2029 og dei resterande fire skipa innan 2035.

  • Nikos Dendias, Sbastien Lecornu poserer for et bilde
    LOIC VENANCE / AFP / NTB

    Vedlikehald

    Både Frankrike (5stk), Hellas (3stk) og Emiratane (2stk) skal ha den same fregatten, noko som kan setje eventuelle norske fregattar inn i eit større vedlikehaldssystem. Den franske marinen har i stor grad hatt suksess og klart å halde store delar av sine fartøy operative.

  • Stein Berg Oshaug, adm. dir. i Oshaug Metall i Molde
    Øyvind Sandnes

    Industrisamarbeid

    Den franske leverandøren, Naval Group, har allereie samarbeid om propell-kjøp frå Molde-bedrifta Oshaug Metall til dei franske og greske fregattane.  Franskmennene er også i dialog med norske bedrifter om eventuelt vedlikehald av fregattane. Naval Group har også signert intensjonsavtalar om forsking og utvikling med dei norske forskingsinstitutta Norce og Sintef.

  • En båt i vatnet med snødekte fjell i bakgrunnen
    ETAT-MAJOR DES ARMEES / FRANCE

    Pris

    Den franske fregatten er den minste, og blir omtalt som det rimelegaste alternativet.

Frankrike, Hellas og Emiratane har allereie slike fregattar, noko som kunne ha gjort samarbeid om vedlikehald lettare.

Bénédicte Mano i Naval Group, verksemda som tilbodne den franske fregatten, seier etter kunngjeringa at dei kunne levere 6, og ikkje 5, fregattar. Desse fregattane er også billegare og krev eit mindre mannskap enn dei britiske.

Les også For svak for norske forhold?

et stort skip i vannet

Formelt stod det også om den amerikanske Constellation-fregatten frå italienske Fincantieri, og F127-fregatten frå det tyske industrikonsernet ThyssenKrupp. Det var likevel ikkje venta at Noreg vel fregattar frå desse to landa.

Eit sentralt krav frå dei norske styresmaktene har vore at den første fregatten må bli sendt til Noreg om lag 4–5 år, og den siste innan 2040.

Interessert i å lære meir om kva som skjer i verda? Høyr podkasten til utanriksredaksjonen her:

SISTE NYTT

Siste meldinger