Hopp til innhold

200 born er evakuerte frå Afghanistan til Qatar utan foreldre

Rundt 300 born er evakuerte frå Afghanistan utan foreldre, opplyser Unicef. 200 av dei i Qatar.

Afghanske born som var evakuerte frå Afghanistan i Qatar.

Afghanske born som var evakuerte frå Afghanistan i Qatar.

Foto: MARWAN TAHTAH / AFP

Qatar Charity, ein humanitær organisasjon i Doha, tar hand om 200 afghanske flytkningsborn utan foreldre.

– Vi alle saman græt veldig mykje, men vi ler mykje også, seier Fatima-Zahra Bakkari, som jobbar for Qatar Charity, til nyheitsbyrået AFP.

Ifølgje organisasjonen skal flesteparten av borna vera mellom åtte og 17 år gamle.

– Alle er i ein tilstand av sjokk eller trauma, liknande det vi har sett hjå born som har levd i IS-kontrollerte område i Syria og Irak, seier ein annan helsearbeidar som har ynskja å vera anonym.

Kaotiske tilstandar

Nokre av borna kan ikkje fortelja att korleis evakueringa føregjekk. Nokre hugsar ikkje ein gong korleis dei kom seg til Qatar, skriv AFP.

Det amerikanske militæret organiserte evakueringa frå flyplassen i Kabul under kaotiske omstende.

Augevitne på flyplassen har fortalt om desperate foreldre som overlèt borna sine til soldatar og andre som forsøkte å ta seg gjennom kontrollane på flyplassen med born som ikkje var deira eigne.

USAs ambassade i Doha har ikkje kommentert evakueringa av dei afghanske borna frå Kabul til Doha i Qatar.

– Trykka stemning

– Det er framleis ei veldig trykka stemning. Mange er redde for kva framtida vil bringa, seier Astrid Sletten, landdirektør for Flyktninghjelpa i Afghanistan, til NRK søndag.

Ho seier det store spørsmålet no er kva det vil bety å leva under eit Taliban-kontrollert Afghanistan. Sletten seier det framleis kjennest surrealistisk at Taliban no sit med makta.

Astrid Sletten, landdirektør i Flyktninghjelpen i Afghanistan

Astrid Sletten, landdirektør for Flyktninghjelpa i Afghanistan.

Foto: @EnayatullahAzad / @EnayatullahAzad

Halvparten av befolkninga lever under fattigdomsgrensa i Afghanistan, seier Sletten. Ho seier at det kjem til å bli ein flyktningstraum, særleg til nabolanda, om ingenting blir gjort.

– Og så er det mange ungdommar som føler at fridomen deira er tatt frå dei. Og at det å leva under eit Taliban-styre, vil medføra eit så stort inngrep i kvardagen deira og i deira rolle i samfunnslivet, at dei ynskjer seg til for eksempel Europa, seier ho.

300 einslege born evakuerte

Sidan 14. august er det i ifølgje Unicef rundt 300 born som har blitt evakuerte frå Afghanistan utan foreldre.

Noreg har tatt i mot 28 afghanske born som kom utan foreldre. Politiet har funne foreldra til 25 av dei.

Henrietta Fore, leiaren for Unicef, seier til AFP at born som blir separerte frå foreldra sine høyrer til dei mest sårbare gruppene.

Henrietta Fore

Henrietta Fore, leiaren for Unicef.

Foto: Orlando Sierra / AFP

– Det er heilt avgjerande at dei raskt blir identifiserte og haldne trygge under familiesporing og gjenforeining, seier ho.

Myndigheitene i Qatar har prøver å spora opp foreldra. Dei håpar dei kan klara å finna nære slektningar, men seier samstundes at det i mange tilfelle ikkje let seg gjera.

Vidare lesing:

SISTE NYTT

Siste nytt