Hopp til innhold

Magdalena Andersson søker avskjed etter valnederlag i Sverige

Sveriges statsminister Magdalena Andersson (S) seier regjeringa ikkje har fleirtal etter valet i Sverige, og at ho vil gå av. Høgresida seier dei er klare til å forhandle om regjeringsmakt.

Magdalena Andersson

Sveriges statsminister Magdalena Andersson (S) mista fleirtalet i Riksdagen etter valet i Sverige.

Foto: Jessica Gow/TT / NTB

Den svenske regjeringa vedgår at dei har gått på eit nederlag i det svenske valet, og vil gå av fordi dei ikkje har fleirtal lenger.

– I morgon kjem eg til å søke avskjed som statsminister, sa Magdalena Andersson (S) på ein pressekonferanse onsdag kveld.

Ho seier ho vil leie ei overgangsregjering til ei ny regjering er på plass. Deretter skal ho leie Socialdemokraterna i opposisjon.

– Dei fire høgrepartia knapt 50 prosent av stemmene. I Riksdagen har dei fått ein eller to mandat overvekt. Det er ein tynn majoritet, men det er ein majoritet, sa ho.

Fekk fleire mandat

Måndag morgon var det eit knapt fleirtal til høgresida med eitt mandat. Men etter at dei seine førehandsstemmene og stemmene avlagde i utlandet er talde opp, har høgresida auka forspranget.

Socialdemokraterna blei Sveriges største parti i valet, men dei og dei andre regjeringspartia fekk likevel ikkje mange nok mandat til å halde fram å regjere.

Ulf Kristersson

Moderaternas Ulf Kristersson må gjennom harde forhandlingar før han kan bli Sveriges neste statsminister.

Foto: FREDRIK SANDBERG / AFP

Sverigedemokraterna blei det nest største partiet, og gjekk kraftig fram i valet. No er det leiar for Moderaterna, Ulf Kristersson, som truleg får oppdraget med å danne ny regjering.

– Moderaterna og dei andre partia på mi side har fått det mandatet vi bad om. Eg startar no arbeidet med å danne ei ny og handlekraftig regjering, seier Kristensson på Instagram, skriv SVT.

Han seier også han vil prøve å samle og ikkje splitte Sverige.

– Døra mi står open

Med tanke på den økonomiske krisa og krigen i Ukraina, meiner Andersson det er viktig at Sverige får på plass ei ny regjering så snart som råd.

Men det er sprikande interesser på høgresida, som også omfattar Kristdemokraterna og Liberalerna.

Det ligg difor an til harde forhandlingar blant desse partia. Men dersom forhandlingane ikkje skulle føre fram, eller at alliansen skulle sprekke, står Andersson klar.

– Dersom det viser seg at Kristenssons tiltenkte grunnlag ikkje held i hop, står døra mi open. Vi er klare til å samarbeide med alle som vil vere ein del av løysinga på problema Sverige står overfor.

Følg utviklingen i NRKs Nyhetssenter:

SISTE NYTT

Siste nytt