Hopp til innhold

Hjelpeorganisasjonar: Israel blokkerer 83 prosent av matleveransar til Gaza

Livreddande leveransar av mat, medisinar, bensin og telt blir systematisk blokkerte, heiter det i ein ny rapport.

Ei jente drikk vatn frå ein plastpose på eit UNRWA-lasteplan

LANGT FÆRRE LEVERANSAR: Berre 69 lastebilar med naudhjelp fekk kome inn i Gaza i løpet av august, ifølge organisasjonane.

Foto: OMAR AL-QATTAA / AFP

Mennesker drept siden 7. oktober 2023

Gaza
67.682
Siste uke:
608
Israel
1666
Sist oppdatert: 11.10.25

Kilder: Hamas-kontrollerte helsemyndigheter i Gaza / FNs kontor for koordinering av humanitær innsats (OCHA) / Israelske myndigheter

Forbehold: Tall fra Hamas-kontrollerte helsemyndigheter i Gaza skiller ikke mellom sivile og stridende, og kan periodevis være forsinket. Tallene fra israelske myndigheter viser at rundt 1200 sivile og soldater ble drept i forbindelse med Hamas-angrepet på Israel 7. oktober 2023. 466 israelske soldater har blitt drept siden 27. oktober 2023. Ingen av tallene er bekreftet av uavhengige kilder. De palestinske tallene oppdateres daglig. Tall fra Israel oppdateres minst to ganger i uken.

Då krigen i Gaza braut ut i fjor, hadde palestinarane som budde der tilgang på omtrent to måltid i døgnet.

No et dei i gjennomsnittet eitt måltid annankvar dag, viser tal samla av 15 hjelpeorganisasjonar med operasjonar i Gaza.

Ei sentral årsak til dette er ein dramatisk nedgang i matleveransar, heiter det vidare i pressemeldinga frå blant andre Kirkens Nødhjelp og Flyktninghjelpen.

Ei palestinsk kvinne lagar mat i Beit Lahia

Nesten ein halv million menneske i Gaza står i fare for hungersnaud, heiter det vidare i rapporten.

Foto: OMAR AL-QATTAA / AFP

Organisasjonane reknar seg fram til at 83 prosent av matleveransane som skal til Gaza no ikkje får kome inn, samanlikna med berre 34 prosent i 2023.

Dei israelske styresmaktene har avvist sidan starten av krigen at dei hindrar naudhjelpsleveransar på veg inn i Gaza.

Israelske Cogat, som har ei eiga oversikt over naudhjelp som har fått sleppe inn i Gaza, seier dei godkjente 148 lastebilar ved grensekryssingar i august.

Hjelpeorganisasjonane seier berre 69 kom fram same månad.

Les også Amnesty: Israel har systematisk ødelagt landbruk på Gazastripen

2.2 millionar i livsfare

Innan slutten av året, meiner organisasjonane at 50.000 barn mellom 6 månader og 5 år kjem til å trenge behandling for underernæring.

Samtidig er færre enn halvparten av Gaza sine sjukehus operasjonelle, og kritisk infrastruktur som vassnettverk og sanitæranlegg har blitt jamne med jorda.

– Naudhjelp, som det hastar å få ut til 2.2 millionar menneske som er i livsfare dei neste vekene og månadene, burde aldri reknast som politikk, seier landsdirektør i CARE for Vestbreidda og Gaza, Jolien Veldwijik.

Klesvask på eit øydelagt bygg i Khan Younis

Som følge av krigen har 1,87 millionar menneske mista tilgang på heimane sine, medan telt til berre 25.000 personar har blitt med i leveransane, skriv organisasjonane som leverer dei.

Foto: BASHAR TALEB / AFP

– Det er mangel på alle humanitære forsyningar. Vi er overvelda av behovet, seier leiaren for det palestinske hjelpeorganisasjons-nettverket (PNGO), Amjad Al Shawa.

– 100 prosent av folket er avhengige av humanitær hjelp. (...) Det er den verste situasjonen vi har vore vitne til under (...) den israelske krigen i Gaza.

Organisasjonane krev at verdssamfunnet legg press på Israel for å stoppe dette, innfører eit våpenembargo og sluttar å selje våpen som kan bli brukte til å bryte folkeretten.

I tillegg krev dei at Israel følger både råd og krav frå Den internasjonale straffedomstolen (ICC) og Den internasjonale domstolen (ICJ), og stoppar krigføringa si i Gaza.

Flyktninghjelpen: – Fleire tusen står og ventar

Ahmed Bayram er kommunikasjonsrådgivar på Flyktninghjelpen sitt Midtausten-kontor i Jordan. Dei jobbar med organisasjonen sine naudhjelpsleveransar til Gaza.

– Det vi har sett som hjelpeteam på bakken, etter å ha blitt pressa heilt til utkanten av Gazastripa mot kysten, er eit veldig systematisk forsøk på å bryte kontakta vår med forsyningslinjene, seier han til NRK.

Ahmed Bayram

Ahmed Bayram, regional kommunikasjonsrådgivar for Midtausten i Flyktninghjelpen.

Foto: Flyktninghjelpen

– Medan konflikten rasar vidare, er restriksjonane som Israel har innført veldig nære å drepe fleire menneske og fleire barn, spesielt dei som er underernærte og dei som har polio og andre sjukdommar.

FN har tidlegare sagt at Gaza treng 500 lastebilar med naudhjelp dagleg. No er dei ikkje i nærleiken av å få 100, seier Bayram.

– Det finst fleire tusen som berre står og ventar, spesielt ved Kerem Shalom.

– Dobbelt så mange humanitære leveransar blei nekta tilgang av israelske styresmakter i august samanlikna med juli. Det blir verre og verre.

Det er også andre årsaker til at hjelpa ikkje kjem fram dit den skal.

Lastebilar med naudhjelp på grensa ved Rafah

I dette augneblikk står tusenvis av lastebilar og ventar ved grensekryssingane, seier Ahmed Bayram i Flyktninghjelpen.

Foto: - / AFP

Flyktninghjelpen har sett ei auke i kriminell aktivitet på bakken, som at lass med naudhjelp blir stelt.

– Vi lev eit liv fullt av tryggingsvurderingar akkurat no, der vi må gjere det eine valet etter det andre for å sikre at vi kan fortsette å levere hjelp.

– Israel sine restriksjonar ved grensa og at alt av lov og orden har fullstendig brote saman er dei to hovudproblema som vi og mange andre hjelpeorganisasjonar står overfor.

Les også FN-bil blei skoten – stansar hjelp i Gaza

FN-bil beskutt av israelske soldater i Gaza

Nye våpenkvilesamtalar tysdag

USA sin utanriksminister Antony Blinken reiser tysdag til Egypt for å diskutere ei våpenkvile på Gazastripa, opplyser amerikanske styresmakter.

Besøket, som varar fram til torsdag, omfattar ikkje eit møte med den israelske statsministeren Benjamin Netanyahu.

I motsetnad til dei tidlegare turane reiser Blinken utan håp for noko gjennombrot, skriv nyheitsbyrået AP.

Israel presenterte natt til tysdag eit nytt krigsmål i Gaza: at israelarar som har blitt evakuerte på grunn av angrep frå Hizbollah i nord, skal få returnere til heimane sine.

Israelske soldatar på Gazastripa

Så seint som i august var Blinken i Midtausten for samtalar om Gaza. Tysdag blir den tiande turen sidan krigen starta i fjor.

Foto: Leo Correa / AP

Hizbollah-leiarar har tidlegare sagt at dei ville avslutte sine angrep dersom ei våpenkvile blei innført i Gaza.

Men Israel seier no at det heller ikkje kan la Hizbollah-krigarar bli verande i grenseområdet sør i Libanon.

Hamas-leiaren Yahya Sinwar sa måndag at gruppa var førebudde ein på «ein lang slitasjekrig» mot Israel, og sa at Gaza, Irak, Libanon og Jemen ville «knekke Israel si politiske vilje».

Er du interessert i meir frå NRK sin Utanriksredaksjon? Høyr den siste podkasten vår:

SISTE NYTT

Siste meldinger