Ei gruppe med russiske sabotørar er avslørte og arresterte i Kyiv, melder den ukrainske nasjonalgarden på Facebook. Mennene skal ha stått fram som ei sivil motstandsgruppe. Det er ikkje gitt nærare opplysningar om gruppa, men nasjonalgarden ber ukrainarar vere merksame og forsiktige.
Tidlegare i natt hevda ukrainske styresmakter at dei har drepe 60 russiske sabotørar i hovudstaden sidan Russland angreip torsdag. Opplysninga stammar frå innanriksdepartementet, ifølgje avisa Ukrainska Pravda.
Styresmaktene oppgir òg at ei gruppe russiske sabotørar utkledde som politifolk i natt gjekk til åtak på ein militær kontrollpost i Vasylkiv 40 kilometer sør for Kyiv. Fleire ukrainske soldatar vart drepne i trefninga.
Ber folk spore opp og fjerne merke
Victor Andrusiv som er rådgivar for den ukrainske innanriksministeren, skriv på Facebook at det er funne ei rekkje improviserte merke i Kyiv som han seier er sett opp av russiske sabotørar.
Merka er ultrafiolette og skal vise russiske styrkar vegen inn til sentrum. Han ber ukrainarar gå ut i gatene og dekke til merka med folie.
Ultrafiolette merke skal vere sett opp mange stadar for å vise russiske styrkar vegen inn til sentrum av Kyiv. På denne stolpen er merket dekka til med folietape.
Foto: Victor Andrusiv på FacebookAndrusiv skriv òg at russiske soldatar er sett i ukrainske uniformer og i sivil. Han ber innbyggjarane om å snakke til uniformerte personar for å avsløre om dei snakkar ukrainsk.
Audmjukar krigsfangar på sosiale medium
Fleire nettstader har publisert bilete av menn i sivile klede som ligg med ansiktet ned i asfalten medan ukrainske soldatar står rundt.
Lokale journalistar i Kyiv rapporterer at ukrainske styrkar har teke russiske soldatar til fange, og det blir hevda at mennene blir audmjuka i bilete og videoar som er lagt ut på nettet.
Det er uklart om desse mennene var iførte uniformer eller hadde uniformsmerke slik at dei er verna av Genèvekonvensjonen.