Hopp til innhold

Arkan - Balkans største kjeltring?

Det er 10 år sidan krigsherren Arkan vart skoten og drepen i Beograd. Arkan - som er ordet for pengeskåp - hadde då vore Interpols mest ettersøkte bankraner og Serbias mest berykta militsleiar.

NRKs reporter møter Arbresha Krasniqi ved gullstatuen av Bill Clinton i Pristina sentrum. Det er 10 år sidan vi arbeidde saman i Kosovo.

Berre månadar før, hadde ho eit ublidt møte med militsen til Arkan, våren 1999.

- Dei ga meg fem minutt til å pakke sakene mine og komme meg «til helvete ut». Dei trua med å avrette broren min, om vi ikkje gav frå oss alle pengane våre. Dei sende oss mot grensa med buss. Det var eit velsmurt maskineri.

- Eg frykta at familien min skulle bli drepen på staden. Det var ingenting eg kunne gjere for å beskytte dei. Det er den verste følelsen eit menneske kan ha.

Rundt ein million albanarar vart kasta ut av Kosovo i 1999, som svar på NATOs bombing av det såkalla rest-Jugoslavia. Då NATO greip inn nokre månadar seinare, kunne Arbresha og familien hennar vende tilbake til Pristina.

Video ARKAN-ARK-030910-WW

Sidan 2000 har Arbresha arbeidd som tolk for den fredsbevarande NATO-styrken.

Tok dissidentar

10 år seinare er vi på eit nytt oppdrag. Vi ligg på hjul til den pensjonerte generalen og tidlegare politiministeren Rexhep Selimi.

Han har ikkje lenger nokon offisiell posisjon i KLA - Kosovos frigjeringshær. Likevel køyrer 40-åringen BMW med sota ruter og har eigen sjåfør.

Vi stoppar ved ein kaffibar i utkanten av Pristina. Her introduserer Selimi meg for politimannen Fadil Syla.

Kaffien kjem på bordet og Fadil fyrer opp ein røyk og tek eit djupt magedrag. Han ser meg djupt inn i auga - so byrjar forteljinga om Arkan.

- Arkan var fødd i Pristina. Faren var offiser frå Montenegro, mora serbar. Bestemora på farssida budde faktisk i Pristina fram til 1998.

- Det verkelege namnet hans var Željko Ražnatović, men dei kalla han berre Arkan, som er det serbiske ordet for pengeskåp!

YUGOSLAVIA ARKAN

Arkan saman med Serbias tidlegare leiar Slobodan Milosevic.

Foto: STR / AP

- På 1970-talet og 1980-talet var han blant Interpols mest ettersøkte bankranarar. Han rana til og med bankar i Sverige!

- Samtidig arbeidde han for jugoslavisk etterretning. Han braut seg inn hjå dissidentar som budde i eksil i utlandet. Rykta vil ha det til at han også utførde politiske drap, men det er det ikkje bevis for.

Men det var her samarbeidet med dei hemmelege tenestene byrja. Viktige kontaktar Arkan kunne spele på då Jugoslavia gjekk i oppløysing.

Bilkuppet i Sarajevo

- Arkan vart millionær på krigane på 90-talet, fortel Fadil. Han etablerte ei paramilitær hær, «Tigrane», som tente gode pengar i Vukovar i Kroatia og i Sarajevo i Bosnia.

Fadil er kledd i ein blå treningsdress, og han røykjer intenst medan han fortel om Arkan.

Arkan med sin kone Svetlana Raznatovic Ceca

Arkan med kona Svetlana Raznatovic Ceca, som er ei kjend songarinne.

Foto: DARKO VOJINOVIC / AP
Svetlana Raznatovic

Svetlana Raznatovic i gravferda til mannen.

Foto: GORAN TOMASEVIC / REUTERS

Han har arbeidd både i det jugoslaviske politiet og i seinare tid ved det nyoppretta Kosovo-politiet. Då Arkan var i sine velmaktsdagar, var Fadil etterforskar ved mafiaavsnittet til det føderale politiet i Pristina.

- Det var i Sarajevo Arkan gjorde sitt største kupp, fortel Fadil.

For her låg ein av Europas største bilfabrikkar, Tvornica Automobila Sarajevo. Fabrikken laga mellom anna den svært populære Wolkswagen Golf.

- Då krigen braut ut i Bosnia i 1991, stal Arkan 2000 bilar frå lageret og selde dei med stor forteneste.

- Arkan vart ein mektig mann, altfor mektig, fortel Fadil.

Han hadde pengar til å kjøpe seg politisk støtte, til å danne sitt eige politiske parti.

Gangsterverksamd

I ly av den frivillige organisasjonen Fides, dreiv Arkan storstilt torpedoverksemd. Med hard hand dreiv han inn gjeld frå albanske bedrifter her i Kosovo. Det var noko merkeleg med denne organisasjonen, fortel den tidlegare politimannen alvorleg.

- I 1994 arresterte eg følgjande menn her i Pristina. Dusan Spasojević, Milan Lukovic og Vlatko Pejovic. Dei var litt av ein gjeng.

Mile Lukovic (L) and Dusan Spasojevic

Mile Lukovic (t.v.) Dusan Spasojevic var mistenkte for å stå bak mordet på statsminister Zoran Dindic i 2003.

Foto: HO / REUTERS

- Spasojević, vart drepen i 2003 av serbisk politi, mistenkt for attentatet på den serbiske statsministeren Zoran Dindic same år.

- Og Pejovic var innblanda i eit bryllaup som utarta til eit blodbad i Bosnia. Og skota som vart avfyrte der, vil eg hevde utløyste krigen i Bosnia.

- Desse tre karane arresterte eg framfor Illyria hotell i Pristina i 1994. Dei var mistenkte for å ha drive med utpressing og narkotikasmugling gjennom organisasjonen Fides.

- Men eg måtte sleppe dei ut etter to dagar, på grunn av press frå jugoslavisk etterretning. Kraftig politisk press. Og då gjekk det opp for meg at Arkan og hans menn var meir enn simple tjuvar. Dei hadde mektige støttespelarar.

Rik på olje

Mellom anna dreiv Arkan inn pengar for oljeselskapa som braut sanksjonane mot Slobodan Milosevic og smugla drivstoff inn i landet.

Når ein minister nekta å betale for ei last med bensin frå Bulgaria eller Hellas, var det Arkan som banka på døra. Han tok halve summen i kommisjon.

- Det russiske oljeselskapet Lukoil var ein stor aktør i det spelet. Og Lukoil gjorde Arkan endå rikare. Slik skapte krigen ein mektig oligark, fortel Fadil.

Rexhep Selimi har tolmodig lytta til Fadil. Men no bryt han inn.

- Vi må ikkje overvurdere betydinga til dei paramilitære gruppene, åtvarar han. Krigen i Kosovo i 1999 var faktisk leidd av den serbiske hæren og den serbiske staten. Dei paramilitære hadde berre ein støttefunksjon.

Rexhep Selimi

Rexhep Selimi, tidligare KLA-sjef.

Selimi er ein av grunnleggarane av den albanske geriljaen i Kosovo, KLA.

Rørsla stod frå 1984 til 1998 på det amerikanske utanriksdepartementet si liste over terrorrørsler. Men ho har i seinare tid blitt utgangspunktet for den kosovoalbanske hæren.

I 1999, då den serbiske hæren dreiv ein million albanarar på flukt, dirigerte Selimi geriljasoldatane frå KLAs hovudkvarter.

- Eg likar ikkje å snakke om kjensler, men eg mista 2000 gode vener i den krigen. I tillegg vart 13.000 sivile drepne, fortel den pensjonerte generalen og tidlegare politiministeren i Kosovo.

Også Arkan måtte bøte med livet, skoten i lobbyen på hotell Kontinental i Beograd.

- Nokon vil framleis hevde han er i live. Men han er død. Det er sikkert, slår Fadil fast.

SISTE NYTT

Siste nytt