Hopp til innhold

Bin Laden skjulte seg i militærby

Den pakistanske byen der terroristen Osama bin Laden gøymde seg, var eit militært vepsebol. Han blei beskytta av pakistansk etterretning, meiner NUPI-rådgjevar.

Huset Osama bin Laden skjulte seg i da han ble drept

Det spekuleres i om dette kan ha vært bin Ladens tilholdssted i Pakistan, men opplysningene er foreløpig ikke bekreftet.

Foto: FAISAL MAHMOOD / Reuters

Etter nesten ti år med intens jakt vart den mest ettersøkte terroristen i verda, Osama bin Laden, i går drepen av amerikanske spesialstyrkar i Pakistan.

Den 54 år gamle Al Qaida-leiaren vart teken av dage i eit åtak mot ein villa i byen Abbottabad, som ligg eit par timar nord for den pakistanske hovudstaden Islamabad.

– Pakistan hjelpte bin Laden

Helge Lurås

NUPI-rådgjevar Helge Lurås.

Foto: NUPI

Abbottabad er ein viktig militær forlegning der det pakistanske forsvaret er godt etablerte med mange installasjonar.

– At han blei funnen og drepen midt i denne militære garnisonen, styrkar mistanken om at pakistansk etterretning har hatt ein finger med i spelet i å beskytta bin Laden, seier rådgjevar Helge Lurås ved Norsk Utanrikspolitisk Institutt (NUPI).

Tidlegare i år blei også den Al Qaida-tilknytta «Bali-bombaren» pågripen i Abbottabad.

Det Pakistanske Militærakademiet (PMA) som utdannar offiserar til den pakistanske hæren er blant institusjonane som held til i Abbottabad. Skulen har fleire tusen studentar og mange hundre tilsette.

Osama gøymde seg med andre ord ikkje i aude, ubefolka fjellområde, slik mange har trudd. Han befant seg derimot midt i mylderet av pakistansk forsvarspersonell.

– Han har truleg oppheldt seg i Pakistan sidan desember 2001. Det er også sannsynleg at Abbottabad har vore skalkeskjulet hans ganske lenge. Når du beveger deg er du sårbar, fortel Lurås i NUPI.

– Vanskeleg utan Pakistan

11. september

Osama bin Laden vert omtalt som mesterhjernen bak åtaket mot USA den 11.september 2001.

Foto: DOUG KANTER / Afp

Då den amerikanske presidenten Barack Obama i natt kunngjorde at USAs hatobjekt nummer ein var død, understreka han at dette var utelukkande ein amerikansk operasjon.

Når det gjeld pakistanske styresmakter sin kjennskap til sjølve aksjonen som førte til bin Ladens død, er meldingane motstridande.

President Obama har sagt at Pakistan var informerte på førehand, medan andre kjelder frå Det kvite hus motseier dette.

– Amerikanarane ville nok ikkje akseptert pakistansk innblanding i drapsoperasjonen, i frykt for sabotasje i form av varsling, fortel Lurås.

(Saka held fram under videoen)

Video Obama om Osama

Sjå president Barack Obama sin tale etter at Osama bin Laden vart drepen.

Mistillit og avhengigheit

USA har lenge mistenkt at pakistanske styresmakter rir to hestar, og følgjeleg har mistilliten til deira bidrag i krigen mot terror vorte gradvis svekt dei siste åra.

Utanrikskommentator i NRK, Gro Holm, trur likevel at gårsdagens aksjon ville ha vore umogleg å gjennomføra fullstendig bak ryggen på pakistansk etterretning.

– Det er vanskeleg å tenkja seg at ikkje pakistanske styresmakter må ha visst om planlegginga av denne aksjonen, i alle fall i sluttfasen, meiner utanrikskommentator i NRK, Gro Holm.

(Saka held fram under videoen)

Video Gro Holm om drapet på Osama bin Laden

Sjå videokommentaren der NRKs utanrikskommentator, Gro Holm, fortel om byen der Osama bin Laden varf funnen og drepen.

Godt bevokta

Ho har sjølv besøkt byen Abbottabad, og kan fortelja om svært sterkt militært nærvær.

– Det er ein mindre by med få vegar inn og ut. All trafikk og verksemd der blir nøye overvaka.

Også huset der bin Laden oppheldt seg skal ha vore ekstremt godt bevokta med piggtråd og vaktar på alle kantar.

Det skal ha budd uvanleg mange menneske i huset. Det, i tillegg til at huset var utan telefon- og internettforbinding, skal ha gjort amerikansk etterretning mistennksame.

(Saka held fram under videoen)

Video Angrepet på huset til bin Laden

Sjå video frå åtaket på huset til Osama bin Laden.

Mislukka i Tora Bora

Pakistan har gjentekne gonger nekta for at leiarane i terrornettverket Al Qaida har søkt beskyttelse i landet. Det amerikanske etterretningorganet CIA har på si side peila jakta inn mot fjellrike stammeområde i Pakistan, på grensa til Afghanistan.

I desember 2001, under den amerikanskleidde invasjonen av Afghanistan, som ble utløyst av at Taliban nekta å utlevera bin Laden, meinte amerikanske styrkar å ha lokalisert han i Tora Bora, ved den pakistanske grensa.

Den omfattande aksjonen for å ta han, var den gong mislukka.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

SISTE NYTT

Siste nytt