Hopp til innhold

– Gaddafi-styrkane er inne i Zawiyah

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Stridsvogner frå regjeringshæren til Muammar Gaddafi har rykka inn i sentrum av byen Zawiyah, vest i Libya, ifølgje augevitne.

Stridsvogner i Zawiyah

Dette arkivbiletet frå Zawiyah viser folk frå opprørsstyrkane som har teke over kontrollen på ei stridsvogn tidlegare i veka.

Foto: AHMED JADALLAH / Reuters

– Zawiyah som det var, eksisterer ikkje lenger. Dei har angripe byen frå tidleg om dagen til seint på natta, fortel eit augevitne som går under namnet Ibrahim på telefon til nyheitsbyrået Reuters.

Han fortel at mange menneske er drepne og såra.

– Vi har ikkje straum, ikkje vatn, og vi er stengde av frå resten av verda, seier han.

Ifølgje vitneutsegna har regimestyrkane kontroll i hovudgata og i forstadane til byen. Dei fortel også at skarpskyttarar er utplasserte på hustak for å skyte på alt som rører seg.

– Det finst ingen i gatene, ingen dyr, ikkje eingong fuglar på himmelen, seier Ibrahim.

Dei siste dagane er byen utsett for fleire harde kampar mellom regjeringsstyrkar og opprørsstyrkane, som har hatt kontroll over byen som ligg noko vest for hovudstaden Tripoli.

Også i går og i natt var det harde kampar der. No skal styrkane til Gaddafi ha teke seg heilt inn til torget i sentrum av byen, men eit augevitne fortel at opprørsstyrkane framleis har kontroll over torget.

– Vi kan sjå stridsvogner. Det er stridsvogner over alt, seier han.

SISTE NYTT

Siste nytt