Hopp til innhold

Har ikkje høyrt frå Mankell

Forfattar Henning Mankell er ein av dei som er med i konvoien «Ship to Gaza». Kona har ikkje høyrt frå han etter at skipet vart borda av militæret.

Henning Mankell
Foto: Herbert Knosowski / Scanpix/AP

Den svenske forfattaren Henning Mankell er om bord på skipet Sofia i konvoien Ship to Gaza, som menneskerettsorganisasjonen Free Gaza står bak.

Skipa har vorte borda av tungt væpna israelske soldatar. Eva Bergman, kona til Mankell har ikkje høyrt frå han sidan i går kveld.

– Kontakten har vore broten sidan i går. Vi er sjølvsagt urolege, seier Eva Bergman til Aftonbladet.se

Etter at fartøya i konvoien vart borda av israelske soldatar og 15 menneske vart drepne , har ho ikkje høyrt noko frå ektemannen.

Video Israelsk pressekonferanse om bording av Gaza-konvoi

Frå den israelske bordinga av Gaza-konvoien.

Foto: Nyhetsspiller

På veg mot skipet Sofia

Erlend Loe

Erlend Loe er glad han vart heime i Noreg.

Foto: Charlotte Thiis-Evensen / NRK

Den svenske kunstnaren Dror Feiler, som er med på det same skipet som Mankell, ringde heim til Sverige i femtida i dag tidleg.

– Han kunne fortelje at det israelske militæret hadde gått om bord i nokre av fartøya. Frå eitt av dei kunne ein høyre at skot og sjokkgranatar vart avfyrt. Vi veit ikkje kva som har hendt, og det er veldig urovekkjande, seier sonen Tigran til Aftonbladet.se .

Under samtalen fortalde Feiler at militæret også var på veg mot skipet Sofia, der han og Henning Mankell er.

– Det er forferdeleg. Denne konvoien var på veg med bistand som svenske privatpersonar har samla inn, og då er det ikkje akseptabelt at militæret går inn og stoppar det på denne måten, seier Tigran Feiler.

Loe skulle ha vore med

Også den norske forfattaren Erlend Loe skulle eigentleg ha vore med på konvoien, men måtte seie nei i siste augneblink.

– Eg er godt nøgd med å vere heime no. Det kjennest veldig vanskeleg å vite kva som har skjedd, seier Erlend Loe til NRK.no.

Om ikkje anna håper Eva Bergman at aksjonen vil gjere at verda får augene opp for kva som skjer i området.

– Det som skjer er mot alle menneskerettar. Det er veldig viktig at omverda reagerer sterkt på dette. Menneska om bord på desse båtane er heltar, og det er ein viktig innsats dei gjer, seier Eva Bergman.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.


SISTE NYTT

Siste nytt