Hopp til innhold

Gravlegg dei døde i Butsja – fryktar historia skal gjenta seg

Krigsoffera frå Butsja får ei endeleg grav to veker etter den russiske tilbaketrekkinga. No fryktar ukrainarane at det same skal skje i Izyum utanfor Donbas.

Nadia til høgre på bildet er i gravferda til mannen hennar og to andre krigsofre, som blir leia av presten Andrii Holovine som står mellom to raude kister på ein kyrkjegård i Butsja.

ENDELEG GRAV: Mannen til Nadia (t.h.) og to andre offer får ei endeleg gravferd ved kyrkja St. Andrew Pervozvannoho All Saints i Butsja den 18. april 2022. Presten Andrii Holovine leiar seremonien.

Foto: YASUYOSHI CHIBA / AFP

Funna av døde kroppar i den ukrainske byen Butsja har vekt sterke reaksjonar verda rundt.

Ifølge lokale myndigheiter blei fleire hundre drepne funne i byen rett utanfor hovudstaden Kyiv. Nesten alle skal ifølge den lokale politisjefen ha blitt drepne av skotskadar.

Nokon blei funne drepne på open gate, andre i massegraver nær ei kyrkje.

Måndag fekk fleire av krigsoffera ei endeleg gravferd.

Menn legg ned ei kiste i ei grav under ei gravferd i Butsja. I bakgrunnen står to personar og presten som leiar gravferda.

Lokale menn legg ned ei kiste med ein drepen innbyggjar i jorda under ei gravferd i Butsja måndag 18. april.

Foto: YASUYOSHI CHIBA / AFP

Ved kyrkja St. Andres Prevozovannoho All Saints, leia presten Andrii Holovine gravferda for dei etterlatne til tre drepne.

Lokale menn hjelpte til med å legga kistene i jorda.

Nadia, kona til ein av dei drepne, fekk ta eit siste farvel med mannen sin.

Nadia ser på kista til ektemannen hennar som blei drepen i Butsja, etter gravlegginga hans søndag 18. april.

Nadia ser ned på kista der ektemannen hennar ligg.

Foto: YASUYOSHI CHIBA / AFP

I ei anna gravferd blei 47 år gamle Ruslan Nechyporenko lagd i jorda med sine nære til stades.

Mora Valentyna (77) sørga over tapet av sonen, som skal ha blitt drepen den 17. mars medan han gav humanitær hjelp til sine naboar.

Valentyna Nechyporenko (77) sørger ved grava til sin 47 år gamle son, Ruslan, under gravferda hans ved ein kyrkjegård i Butsja.

Valentyna Nechyporenko (77) sørger ved grava til sin 47 år gamle son, Ruslan, under gravferda hans ved ein kyrkjegard i Butsja.

Foto: Emilio Morenatti / AP

Fryktar eit nytt Butsja

Måndag sa president Volodymyr Zelenskyj at den russiske offensiven i Donbas har starta.

No fryktar ordføraren i byen Izyum i Kharkiv-regionen aust i Ukraina at hans by skal bli det nye Butsja.

Izyum har blitt omtala som «inngangsporten» til Donbas, og fall under russisk kontroll den 1. april, skriv The Guardian.

Ordføraren Valerii Marchenko meiner byen deler fleire likskapar med Butsja.

– I begge byane er meir enn 80 prosent av bustadane øydelagt. Innbyggjarar i begge byar gøymte seg i kjellarar i meir enn ein månad med konstante flyåtak. Det var ikkje mat, seier han til avisa.

Tyder på menneskerettsbrot

Den russiske militærstyrken som er skulda for krigsbrotsverk i Butsja, blei måndag prisa av president Vladimir Putin for deira «heroisme og mot», skriv CNN.

I eit signert brev gav Putin den militære brigaden ærestittelen «Vakter» for å ha beskytta «Russland sin suverenitet», og skildrar eininga som rollemodellar.

Førre veke kom Organisasjonen for tryggleik og samarbeid med resultata frå etterforskinga av moglege menneskerettsbrot under den russiske invasjonen av Ukraina.

Eit bilete frå lufta viser rektangulære graver der kister blir lagt ned i jorda under ei gravferd på ein kyrkjegård i Butsja 18. april 2022.
Foto: YASUYOSHI CHIBA / AFP

Konklusjonen var at dei fann sterke indikasjonar på menneskerettsbrot frå russiske side. I tillegg blei det avdekka valdsmønster som er klare brot på folkeretten.

– Målretta drap, tvungen forsvinning eller bortføring av sivile, inkludert journalistar og lokale tenestemenn, vil sannsynlegvis oppfylla desse krava, står det i rapporten.

Vidare kjem det fram at dei fleste av desse handlingane føregår i okkuperte russiske område.

I ein tidlegare versjon hadde NRK eit bilete av ein gravplass øvst i saka som no er fjerna. Biletet er fjerna fordi det var frå Irpin, og ikkje Butsja, som NRK først skreiv.

SISTE NYTT

Siste nytt