Hopp til innhold

Gjengvald i Sverige: Forsvaret skal støtte politiet

Sveriges statsminister presiserer at det er staten sitt ansvar at landet er trygt, men at andre aktørar må hjelpe til. No styrkar han samarbeidet mellom politi og forsvar.

Ulf Kristersson og Gunnar Strömmer på eit podium på ein pressekonferanse. EU-flagg og svensk flagg bak dei.

STYRKA SAMARBEID: Sveriges statsminister og justisminister annonserte fredag at Forsvaret og politiet vil samarbeide tettare for å få bukt med gjengvalden i landet.

Foto: ANDERS WIKLUND / AFP

– Politiet kan ikkje gjere alt.

Det var hovudpoenget til Ulf Kristersson då han og justisminister Gunnar Strömmer møtte pressa fredag ettermiddag.

Tidlegare i dag har den svenske statsministeren vore i møte med rikspolitimeisteren og forsvarssjefen, der dei diskuterte korleis det svenske forsvaret kan støtte politiet i arbeidet mot gjengvald.

Kriminelle gjengar herjar i Sverige, og ei bølge av skyteepisodar og eksplosjonar har ramma landet. Uskuldige blir drepne, mange i ung alder.

Hittil i september har det vore 12 drap i nærleiken av den svenske hovudstaden.

– Politiet arbeider dag og natt for å jobbe imot kriminalitet og for å bevare tryggleiken i Sverige.

Det sa justisminister Gunnar Strömmer på pressekonferansen i etterkant av møtet.

– No rammast stadig fleire barn og heilt uskuldige menneske av den grove valden. Eg kan ikkje understreke nok kor alvorleg situasjonen før, sa statsminister Ulf Kristersson.

Les også Gjengvold i Sverige: – Før hørte man det bare på nyhetene. Nå er det her og nå.

Minnested for den drepte artisten ved Mälarhöjden Idrottsplats utenfor Stockholm.

Styrka samarbeid

På pressekonferansen annonserer dei to ministrane at regjeringa ønsker å endre landets kriminalpolitikk. Dette vil dei gjere ved å styrke samarbeidet mellom forsvar og politi.

Forsvaret vil få i oppgåve å støtte politiet ved mellom anna overvakingsoppdrag, logistikk, køyretøy og helikopter, og kompetanse innan analyse.

Neste veke skal regjeringa vurdere om dette kan bli gjort innanfor dagens lovverk, eller om lova må bli endra.

Benedicte Bjørnland og Anders Thornberg i politiuniform. Står fremst i eit klasserom. Held ein pressekonferanse.

Også Noreg samarbeider med svensk politi mot organisert kriminalitet. Sveriges rikspolitisjef Anders Thornberg og politidirektør Benedicte Bjørnland heldt ein pressekonferanse tidlegare i september.

Foto: Martin Solhaug Standal / NTB

– Mange må gjere sin del

Kristersson sa at ingen andre land i Europa har vore borti noko som liknar på situasjonen i landet no, og det har heller ikkje Sverige:

– Sverige er i ein ekstremt eksepsjonell situasjon akkurat no. Valdsbølga vi ser no er eineståande, sa ein alvorsprega statsminister.

Han presiserte at det er staten sitt ansvar å sørge for at «ein person ikkje blir skoten kvar dag i Sverige», men la vekt på at det ikkje berre er politiet som skal arbeide mot gjengvalden:

– Sosialtenester må gjere sitt, foreldre må gjere sitt, skulen må gjere sitt. Mange må gjere sin del - for at politiet skal få gjere sin del.

Voldsbølgen i Sverige

Sverige har den siste tiden vært rammet av en voldsbølge, med flere skytinger og eksplosjoner. Bare i september er 12 personer drept. Flere hendelser knyttes til intern strid i den kriminelle gjengen Foxtrotnettverket, samt konflikten de har med den rivaliserende gjengen Dalennettverket. Tidslinjen har de siste hendelsene først.

Høyr også:

SISTE NYTT

Siste nytt