Hopp til innhold

Gigantisk Monroe-statue i Chicago

Marilyn Monroe-statuen i Haugesund blir liten samanlikna med den nye gigantstatuen av den legendariske, norskætta skodespelaren i Chicago.

Gigantisk Marilyn Monroe-statue i Chicago.

Marilyn Monroe-statuen i Chicago har vorte eit ynda fotomotiv blant både fastbuande og turistar.

Foto: JIM YOUNG / Reuters

Enorme dimensjonar på Marilyn Monroe-statue i Chicago.

Marilyn Monroe-statuen i Chicago er eit populært innslag i bybiletet i sentrum av Chicago.

Foto: SCOTT OLSON / Afp

Den åtte meter høge statuen på The Magnificent Mile på Michigan Avenue i sentrum av Chigaco har naturleg nok vekt stor oppsikt. Kunstnaren Seward Johnson står bak kunstverket, og det skal stå utstilt på The Magnificent Mile fram til neste vår.

Dette området blir ofte brukt til å vise fram spektakulære kunstverk, og det er ikkje første gongen Seward Johnson har presentert sine verk her.

Blafrande kjole

Det verdskjende motivet, der kjolen til Monroe bles opp og viser undertøyet, har kunstnaren henta frå filmen "Seven Year Itch".

Statuen har alt blitt eit ynda foto-objekt både blant turistar og fastbuande i storbyen ved breidda av Michigan-sjøen. Folk stiller seg opp og blir fotograferte ved beina til Monroe, og påfallande mange vender blikket opp under kjolen under fotoseansen.

Marilyn Monroe-motivet er henta frå filmen "Seven Year Itch".

Marilyn Monroe-statuen i Chicago er åtte meter høg.

Foto: SCOTT OLSON / Afp

Noreg har også sin Marilyn Monroe-statue, men denne statuen er langt mindre prangande enn i Chigaco. Dette sjølv om også skulpturen til bilethoggaren Nils Aas i Haugesund var omstridd då han vart avduka 31. august 1994.

Filmbyen Haugesund

Men i dag har statuen vorte ein populær del av bybiletet i Haugesund, og er også med på å marknadsføre den store filmfestivalen, som blir halden i august kvart år, og Haugesund som filmby.

Marilyn Monroe var aldri i Haugesund, men det var lenge ein levande teori at faren hennar var frå denne byen. Seinare har det kome fram at bestefaren hennar utvandra frå Stavanger i 1880.

Fødenamnet til Marilyn Monroe var Norma Jean Mortensen.

Marilyn Monroe-statuen i Haugesund.

Marilyn Monroe-skulpturen i Haugesund er diskret i forhold til mastadonten i Chicago.

Foto: Hansen, Helge / SCANPIX

Området

SISTE NYTT

Siste nytt