Mennesker drept siden 7. oktober 2023
Verdas helseorganisasjon (WHO) har funne poliovirus type 2 på seks ulike plassar på Gazastripa.
Viruset sett seg i nervesystemet, og kan i verste fall føre til store funksjonshemmingar. Sjukdommen råkar særleg born.
– Det kan få alvorlege konsekvensar. Mange born kan bli råka. I tillegg til alle krigsskadane, vil det vere invalide born som veks opp med polio.
Det seier Norwac-lege Geir Stay Andreassen. Han er ikkje overraska over funna.
Borna smiler sjølv etter ni månadar med krig. Bak seg har dei ei av dei mange overflødde gatene.
Foto: BASHAR TALEB / AFPSå langt er viruset berre funne i kloakkvatn og ikkje hjå menneske. Men kloakken flyt mellom telta i flyktningleirane der 90 prosent av Gazas befolkning no bur.
Det betyr at viruset kan spreie seg raskt, seier WHO.
Polio er i ferd med å bli utrydda, men har tidlegare vore ein frykta sjukdom i store delar av verda. Det er ein akutt smittsam infeksjon frå polioviruset, som kan gi lammingar.
– Helsetenesta er meir eller mindre øydelagt. Det er stort sett krigsskadar som blir behandla. Dersom born blir sjuke, er det vanskeleg å komme til behandling, seier Andreassen.
Barn under fem år utsette
Før krigen på Gazastripa braut ut i oktober, var 95 prosent av dei som budde der vaksinerte mot polio, ifølge WHO.
Men i løpet av krigen har over 24.000 barn blitt fødde der, anslår helseorganisasjonen. Dei har ikkje fått vaksine.
– Eg trur ikkje det har vore noko vaksinering sidan 7. oktober. Heile helsevesenet er på kne, seier Andreassen, som har arbeida inne på Gazastripa ved fleire høve sidan krigen starta.
Legene ved al-Awda-sjukehuset i Gaza lyktes med å redde babyen til en gravid palestinsk kvinne som ble drept i et israelsk angrep.
Og det er særleg barn under fem år som vert ramma av polioviruset.
WHO seier også at ni månadar med krig har skapt «perfekte forhold» for at denne typen sjukdommar kan spreie seg. Dei er djupt bekymra for dette.
Det er under halvparten av sjukehusa på Gazastripa som delvis fungerer akkurat no.
Søndag morgon i flyktningleiren Jabalia i Nord-Gaza.
Foto: OMAR AL-QATTAA / AFPMassiv israelsk bombing av Gazastripa sidan oktober har øydelagt bustadar og mesteparten av infrastruktur. Det er mangel på reint vatn, toalett og eit fungerande kloakk- og avløpssystem.
– Øydelegging av helsesystemet, mangel på tryggleik, konstant fordriving av befolkninga, mangel på medisinsk utstyr, låg vasskvalitet og svekka hygiene gjer at sjukdommar som ein lett kan førebygge med vaksine, får spreie seg, seier talsperson for WHO Christian Lindmeier.
Ei jente går langs gata flyktningleiren Jabalia. Gata er fylt av søppel.
Foto: OMAR AL-QATTAA / AFPIsrael vaksinerer soldatar
Polioviruset bekymrar også det israelske forsvaret.
Søndag vart det kjent at israelske soldatar kan få vaksine mot polio før dei blir sende inn i Gaza, skriv den israelske avisa Haaretz.
Geir Stray Andreassen er lege i NORWAC.
Ifølgje dei israelske mediuma startar dei med vaksinasjonen søndag, men det er frivillig for soldatane å ta vaksinen.
Israels helsedepartement seier dei overvakar situasjonen og evaluerer fortløpande kva som er nødvendig for å hindre smittespreiing til Israel, skriv The Guardian.
Norwac startar opp att i Gaza i august, då skal Andreassen sannsynlegvis tilbake. Han seier dei har ein kjempestor jobb framfor seg.
Dei siste tala frå helsestyresmaktene der nede seier at nærare 40.000 er drepne i krigen, og nærare 90.000 er skada.
– Det er ei håplaus oppgåve om ein ser på tala. Vi må fokusere på pasientane vi har framfor oss, og gjere det best mogleg.