Hopp til innhold

Første saudiarabiske kvinne utnemnd til politisk toppverv

Dagen etter at kvinner i Saudi-Arabia fekk lov til å køyre bil, har ei kvinne fått topposisjon i ein saudiarabisk provins.

SAUDI-WOMEN-REFORM

Ei saudiarabisk kvinne bak rattet i kystbyen Jeddah – dagen etter at kvinnene fekk ja til å køyre bil.

Foto: REEM BAESHEN / AFP


Eman Al-Ghamidi er utnemnd som viseborgarmeister i Al Khubar-provinsen, aust i landet. Ho er den første kvinna i Saudi-Arabia som har fått ein slik posisjon.

Kunngjeringa kom 24 timar etter at Kong Salman av Saudi-Arabia gav kvinner løyve til å ta førarkort.

Forbodet mot at kvinner kan køyre bil har ikkje vore nedfelt i dei saudiarabiske lovene, men er likevel blitt handheva av politiet.

Kongens dekret skal dermed vere nok til å endre praksisen med å forby kvinner å køyre.

Kong Salman av Saudi-Arabia

Kong Salman av Saudi-Arabia har gitt grønt lys til at kvinner kan køyre bil.

Foto: BANDAR AL-JALOUD / AFP

Brot på menneskerettane

No har altså kvinnene i landet fått gjennomslag i nok ei sak. Dei kan ha politiske toppverv.

Ifølgje departementet for kultur og informasjon fekk Eman Al-Ghamidi jobben «som eit ledd i arbeidet for å auke talet på kvinner i leiande posisjonar».

Arbeidet er ein del av «Visjon 2030», ein plan for økonomiske og sosiale reformer. Målet er blant anna å få fleire kvinner ut i yrkeslivet. I dag utgjer kvinnene 22 prosent av arbeidsstyrken. Ambisjonen er 30 prosent.

World Economic Forum rangerer Saudi-Arabia som eitt av dei landa der det er verst å vere kvinne. Behandlinga av kvinner i landet har fått massiv internasjonal kritikk. Det har også dei mange brota på menneskerettane.

Amnesty International Norge meiner at Noreg ikkje har gjort nok for å fremje menneskerettane i land som Saudi-Arabia.

Kvinnene i Saudi- Arabia har endeleg lov til å kjøre bil. Norske styresmakter er for feige til å leggje press på land som Saudi-Arabia for å fremje menneskerettane, seier generalsekretær i Amnesty Norge.

Norsk engasjement for menneskerattane i Saudi-Arabia var tema i Dagsnytt atten onsdag.

– Noreg bør gjere meir

– Både kvinner og minoritetar i Saudi-Arabia blir undertrykte kvar einaste dag. Undertrykkinga er like hard som før. Vi har ferske eksempel på massearrestasjonar. Norske styresmakter er for feige til å legge press på land som Saudi-Arabia for å fremje menneskerettane, seier generalsekretær i Amnesty Norge, John Peder Egenæs.

Han meiner Noreg prioriterer snevre økonomiske eigeninteresser, og etterlyser at norske styresmakter hevar menneskerettsfana i langt større grad.

Statssekretær i Utanriksdepartementet Marit Berger Røsland (H) avviser kritikken.

– Noreg har menneskerettar høgt på dagsorden i dialogen med styresmaktene både i Saudi-Arabia, Kina og andre land, seier ho.

Ho seier at utanriksminister Børge Brende (H) seinast sist veke tok opp menneskerettsspørsmål då han møtte utsendingar frå Saudi-Arabia i FN.

– Vi engasjerer oss i enkeltsaker, vi er til stades i rettshøyringar og vi gjer dette fordi vi er uroa over situasjonen, seier ho.

SISTE NYTT

Siste nytt