Hopp til innhold

Forskarar trur at flaggermus har spreidd koronaviruset

Forskarar meiner flaggermus må vere opphavet til at det nye koronaviruset har spreidd seg og smitta menneske.

Flaggermus

Storflaggermus, også kalla flygehundar, har eit vengespenn opp mot halvannan meter. Desse flaggermusene er fotograferte i eit tre i Carins i Australia. Forskarar meiner no at flaggermus kan ha bidratt til spreiinga av Wuhan-viruset. Illustrasjonsfoto

Foto: Paul Kleiven / NTB scanpix

Det er ikkje første gong flaggermus spreier alvorleg sjukdom.

– Vi veit framleis for lite om korleis flaggermusa spreier sjukdommar. Dei ligg sannsynlegvis bak ein heil del smittespreiingar som vi skuldar andre dyr for, seier Johnny de Jong, flaggermusekspert ved Senter for biologisk mangfald ved Sveriges landbruksuniversitet.

Då sars-epidemien ramma i 2003, var det òg flaggermusa som var berar av viruset.

Rabies og ebola

Flaggermus kan òg vere berarar av rabies og vert mistenkt for å ha spreidd ebola i Afrika. Nokre artar spreier òg hendra- og nipahvirus, som hovudsakleg opptrer hos dyr, men som og kan smitte menneske.

Ifølgje de Jong er flaggermus effektive smittespreiarar sidan dei bur tett i koloniar, kan fly lange strekningar og bur nær menneske.

Dei kan spreie virussjukdommar sidan dei berre får i seg delar av insekta eller frukta som dei et. Restane hamnar i kolonien saman med avføringa til flaggermusene, opplyser de Jong til nyheitsbyrået TT.

Via andre dyr

Arvemassen hos det kinesiske koronaviruset, som sidan desember har smitta over 28.000 menneske, dei aller fleste i Kina, er identisk med eit koronavirus som finst hos flaggermus.

Det er dette som gjer at forskarane så å seie er heilt sikre på at det er flaggermus som er den naturlege opphavsstaden til viruset. Smitten kan likevel ha vorte overført til eit anna dyr før det smitta menneske, skriv forskarar i tidsskriftet Nature.

– Det finst nesten alltid ein mellomstasjon frå flaggermusa til mennesket, ifølgje gjesteprofessor Ali Mirazimi ved Karolinska Institutet, som meiner at ein ikkje treng vere redd for flaggermus.

Men det er avhengig av kvar ein er i verda. I Afrika, der det finst ebola, er det kanskje ikkje så lurt å jakte på flaggermus, peikar han på.

– Ingen grunn til uro

Johnny de Jong synest heller ikkje det er nokon grunn til å vere uroleg.

– Det er ikkje farleg å ha flaggermus i huset sitt i Sverige, risikoen for å bli smitta av til dømes rabies er minimal. Det er meir i tropiske land som dei utgjer ein større risiko sidan dei finst i ei større mengd der, seier han.

Likevel er det viktig å vere forsiktig viss ein må handtere dyret.

– Vi har funne flaggermus i Sverige som har vore berarar av antistoff mot rabies, men enn så lenge ikkje sjuke dyr. Vi må studere dei meir slik at vi kan følgje smittegangen og få greie på kva sjukdommar dei spreier, seier Johnny de Jong.

Over 500 døde

Ferske tal over offer for koronaviruset viser at 563 er døde globalt, dei aller fleste i Fastlands-Kina.

Over 28.000 menneske er smitta i over 20 land.

SISTE NYTT

Siste meldinger