Slik situasjonen er no får dei heller ikkje henta inn meir, skriv byråsjef Thomas White på X, tidlegare kjent som Twitter:
– Den humanitære operasjonen i Gaza vil stoppe opp innan dei neste 48 timane sidan ein ikkje får drivstoff inn.
Det finst ikkje lenger eit einaste fungerande sjukehus på den nordlege delen av stripa, seier det Hamas-styrte helsedepartementet i Gaza.
Palestinsk Raud Halvmåne skriv også på X at dei har forsøkt å sende ei kolonne med køyretøy til al-Quds-sjukehuset i Gaza by, som stengde ned på søndag.
Det er palestinsk Raud Halvmåne som driv al-Quds-sjukehuset.
Foto: STRINGER / ReutersKolonnen måtte snu og køyre tilbake på grunn av harde kampar i bydelen der sjukehuset held til, melder hjelpeorganisasjonen.
– Som følge av den pågåande bombinga og skytinga er det medisinske personellet, pasientane og dei pårørande framleis fanga inne på sjukehuset utan mat, vatn eller straum.
FN sine hjelpeorganisasjonar heldt eit minutts stille på måndag for sine 101 tilsette som er drepne så langt i Gaza.
Dette er det høgaste talet på døde humanitære tilsette i ei konflikt sidan FN blei til.
Partane i krigen kjemper om sanninga om det som skjer på sjukehus i nordlege Gaza, seier korrespondent Åse Marit Befring.
Melder om styrkar ved porten til al-Shifa
Israelske styrkar har kome fram til inngangsportane til al-Shifa-sjukehuset, ifølge Reuters.
Dette er hovudsjukehuset i Gaza by og Gazastripa sitt største, som no er ute av drift ifølge Verdas helseorganisasjon.
Ein talsperson for det Hamas-styrte helsedepartementet i Gaza, Ashraf al-Qudra, seier at 34 personar er døde. Tala er ikkje stadfesta av uavhengige kjelder
Dette satellittbiletet er teke på laurdag, og skal vise røyk som stig frå al-Shifa-sjukehuset.
Foto: MAXAR TECHNOLOGIES / ReutersIsrael hevdar at sjukehuset sit oppå tunnelar som er viktige for Hamas si krigføring, og at styresmaktene sitt hovudkvarter også held til der.
Dei skuldar Hamas for å bruke pasientar som skjold, noko Hamas nektar for.
– Dei bomba vasstankane. Dei bomba brønnane. Den bomba oksygenpumpene også, seier lege Ahmed El Mokhallalati på telefon til nyheitsbyrået.
– Vi fortel alle at sjukehuset ikkje lenger er ein trygg plass å behandle pasientar på. Vi skadar pasientane ved å halde dei her.
Ein talsperson frå Det israelske forsvaret (IDF) hevdar at Hamas-soldatar har brukt eit anna sjukehus, barnesjukehuset al-Rantisi, som skjulestad for soldatar og gislar.
IDF viste fram det dei hevdar er bilde frå kjellaren på barnesjukehuset, kor mellom anna toteflasker og eit tau like ved ein stol «indikerer at Hamas har haldt gislane» der. Påstanden er ikkje bekrefta av uavhengige kjelder.
Biden vil at sjukehuset skal vernast
Den amerikanske presidenten Joe Biden seier måndag at al-Shifa-sjukehuset må bli verna og at han håpar det vil skje mindre «inngripande handling» der, melder Reuters.
Biden seier forhandlingane, mekla av Qatar, har starta opp igjen måndag kveld.
Foto: LEAH MILLIS / ReutersNasjonal tryggingsrådgjevar i USA, Jake Sullivan, seier ifølge nyheitsbyrået at Det kvite huset «ikkje vil sjå skotutvekslingar på sjukehus».
– Sjukehus bør vere i stand til å rykke ut for å gi pasientar medisinsk behandling, seier han, og legger til at Gaza treng «mykje meir naudhjelp» for å betre tilstandane til sivile.
Ein talsperson frå IDF sa til BBC tidlegare måndag at dei hadde tilbode al-Shifa-sjukehuset det drivstoffet dei trengde for å fortsette drifta, men at Hamas hadde avvist det.
Talsperson al-Qudra for helsedepartementet i Gaza har stadfesta eit tilbod på same storleik som Israel hevdar, men frå dei palestinske sjølvstyre-styresmaktene på Vestbreidda.
– Vi har fått tilbod om 300 liter diesel. Det er nok til ein time. Behovet er mellom 8000 og 10.000 liter per dag.
– Vi har takka nei. Det er meiningslaust.
Kartet viser dei to store sjukehusa, al-Quds og al-Shifa i Gaza by, der kampane skal gå føre seg.
Når framleis fram med «noko hjelp»
Kristin Oudmayer i Unicef seier det blir utøvd «eit sterkt diplomatisk press frå alle kantar for å få sikra humanitær tilgang» til Gaza.
Dette gjeld spesielt for å sikre at palestinske barn får den hjelpa dei har rett på, seier ho vidare.
– Eg synest at desse barna som har blitt tekne ut av kuvøsene på grunn av straum- og drivstoffmangel blir eit veldig sterkt symbol på kor kritisk situasjonen er no, seier ho til NRK.
Kristin Oudmayer er direktør for barn sine rettar i Unicef.
Foto: Mohammed Alayoubi / NRKDet skal dreie seg om 7 babyar som så langt har døydd fordi ein ikkje har straum til kuvøsane. Tala er ikkje stadfesta av uavhengige kjelder.
– Vi ser på tala at to tredjedelar av dei som er døde er kvinner og barn. Det dør fleire barn enn menn og fleire barn enn kvinner. Det er heilt forferdeleg å tenke på.
Ho seier ho forstår at mange kjenner på maktesløyse når dei ser barn som lid inne i Gaza, eller høyrer om dei israelske barna som Hamas framleis held som gislar.
Biletet skal vise babyane som ikkje lenger ligg i kuvøse på al-Shifa-sjukehuset i Gaza. NRK er ikkje på plass på sjukehuset og kan derfor ikkje vite omstenda kring biletet.
Foto: MARWAN ABU SADA / PRIVAT– Det ein kan gjere som eit enkeltmenneske er å fortsette å engasjere seg og vere med å seie ifrå om denne uretten som skjer.
– Ikkje minst også støtte dei store hjelpeorganisasjonane som framleis er på bakken i Gaza, seier ho, og legger til at dei framleis lukkast med å få fram «noko hjelp».