Hopp til innhold

FN-topp meiner det er full borgarkrig i Syria

Leiaren for FNs fredsbevarande styrkar, den franske diplomaten Herve Ladsous, sa i New York i kveld at det no er ein fullskala borgarkrig i Syria.

Ein av bilane til FN-observatørane i Damaskus.

Det var langt fredelegare for FN-observatørane i hovudstaden Damaskus (biletet) enn i Haffeh.

Foto: SANA / Reuters

FN-observatørane i Syria, som blir leidde av den norske generalmajoren Robert Mood, vart i dag angripne av rasande menneskemengder då dei prøvde å ta seg inn i byen Haffeh i dag.

Skaut mot observatørane

– Rasande menneske kasta steinar på oss, og dei skaut mot tre av bilane våre då vi trekte oss tilbake mot nordvest, heiter det i ei fråsegn frå FN-observatørane. Det var truleg lokale innbyggjarar i byen som kasta stein mot observatørane, men det er førebels uklart kven som skaut mot FN-kortesjen.

Den franske diplomaten Herve Ladsous

Herve Ladsous meiner det no er snakk om full borgarkrig i Syria.

Foto: Frederic J. Brown / Afp/Scanpix

Seint tysdag kveld seier opprørarane i Free Syrian Army at dei har trekt seg ut av Haffeh etter harde angrep frå syriske regjeringsstyrkar og regjeringslojale militsgrupper.

Det vart tidlegare i dag meldt om kraftig skyting frå regjeringsstyrkane som omringar byen. Amerikanske styresmakter fryktar at sivile vil bli utsette for ein massakre i byen, medan den syriske regjeringa langar ut mot USA.

Sjefen for FNs fredsbevarande styrkar, Herve Ladsous, seier til nyheitsbyrået Ap i kveld at det som skjer i Syria no, ikkje kan kallast noko anna enn ein borgarkrig i full skala.

– Oppmoding til massakre

– Styresmaktene har mist store område til opprørarane, også byar, og dei prøver å gjenerobre desse områda, seier Ladsous

– USAs innblanding i interne forhold i Syria er ei oppmoding til opprørarane om å gjere fleire massakrar, seier ein talsmann for syrisk UD, ifølgje Reuters. Han legg til at straks fråsegna frå USA om ein truande massakre kom, så auka opprørarane angrepa sine mot regjeringsstyrkane.

Uroa i Haffeh, som ligg ikkje langt frå kystbyen Latika og grensa til Tyrkia, starta tysdag for ei veke sidan då syriske tryggingsstyrkar sette opp kontrollpostar rundt byen. Haffeh blir også kalla Al Haffa og Al-Haffe.

– Planar om å drepe sivile

Haffeh er ein sunnimuslimsk by midt inne i det fjellrike kjerneområdet til alawittane, ei grein av sjiaislam, som Bashar al-Assad og familien hans høyrer til.

Robert Mood

Nordmannen Robert Mood er leiar for FN-observatørane i Syria.

Foto: LOUAI BESHARA / Afp

Det er umogleg å skaffe uavhengig informasjon om kva som skjer inne i Haffeh. Det syriske statsfjernsynet skuldar opprørarane for å ha planar om å drepe sivile som støttar regimet, og så prøve å få det til å sjå ut som at syriske regjeringsstyrkar har gjort seg skuldige i ein massakre.

Statsfjernsynet sende i ettermiddag eit lydbandopptak av det dei hevdar er ein telefonsamtale mellom ein mann i Syria og ein syrisk mann inne i Tyrkia.

– Menneskeleg blokade

Ei av røystene seier dette på innslaget:

Drep gislane og fangane vi har, og legg ein video ut på Internett slik at det ser ut som regimet har gjort seg skuldig i ein massakre.

Den største menneskerettsgruppa i Syria, Observatory for Human Rights, som har base i London, seier på si side at Assad-regimet sine støttespelarar har danna ei menneskeleg blokade for å hindre at FN-observatørar kjem seg inn i Haffeh.

Menneskerettsgruppa seier vidare at 29 sivile, 23 opprørarar og 68 regjeringssoldatar er drepne i kampar i Haffeh den siste veka. Fleire titals er såra regjeringssoldatane sitt bombardement av byen i dag, blir det sagt.

Opprørarane i byen seier at dei prøver å smugle ut sivile og såra.

– Treng mat og medisinar

Ein kommandør i opprørsgruppa Free Syrian Army, som opererer nær grensa til Tyrkia, seier at situasjonen for dei sivile inne i byen er svært vanskeleg.

– Situasjonen er svært alvorleg. Gløym våpen, no treng innbyggjarane mat og medisinar. Som de veit er det krigstilstand i Syria. Hæren kan gå inn i Haffeh i løpet av kort tid, men dei prøver å knuse byen i staden, seier han til Reuters.

FN la i dag fram ein rapport om situasjonen i Syria, og her går det fram at syriske regjeringsstyrkar har torturert born, likvidert dei og born heilt ned i åtteårsalderen er brukte som levande skjold .

Menneskerettsgrupper meiner at rundt 1200 born er drepne i løpet av det 15 månader lange opprøret for regimet til Bashar al-Assad.

SISTE NYTT

Siste nytt