Hopp til innhold

– Brukar born som skjold

– Syriske troppar har torturert born, avretta dei og brukt born så unge som åtte år som menneskelege skjold, ifølgje ein FN-rapport.

Protest mot massakrene i Syria

BORN AV HOULA: Ein gut held ei dukke med påskrifta Born av Houla i eit protesttog mot massakren i Houla 25. mai som kravde 49 barneliv. Ein ny FN-rapport viser at born blir drepne, torturerte og brukte som menneskelege skjold i konflikten.

Foto: AHMAD GHARABLI / Afp

FN har stempla den syriske regjeringa som ein av dei verste syndarane av konfliktland der born blir drepne, torturerte, og tvinga til å kjempe.

Menneskerettsgrupper reknar at om lag 1200 born har døydd i løpet av det 15 månader lange opprøret mot president Bashar al-Assad.

LES: Å bli kvitt vold med vold

Borna skildrar grusommheitene

Gravferd i Deraa 9. juni 2012

Gravferd i byen Deraa 9. juni 2012, i byen der opprøret starta for eitt år sidan.

Foto: HANDOUT / Reuters

I framkant av eit åtak på ein landsby i Idlib 9. mars, skal regjeringsstyrkane ha samla inn fleire gutar frå åtte til 13 år, for å bruke dei som menneskelege skjold i åtaket.

LES: Grusomme bilder av døde barn etter massakre i Syria

– Borna blei brukt som skjold av soldatane i åtaket, dei blei plasserte framfor vindauga i bussane som frakta militært personell som raida byen, heiter det i FN-rapporten.

– Slått, piska og brent

FN-rapporten blei ferdigstilt før Houla-massakren 25. mai, då 49 av dei 108 offera skal ha vore born, nokre så unge som to og tre år gamle. Dei skal ha blitt skotne i hovudet eller slått i hel med andre gjenstandar.

LES: Nesten alle avretta i Houla

Radhika Coomaraswamy, FNs spesialrepresentant for born i væpna konflikt, fortel at lidelsen som er påført borna i Syria er uvanlege sjølv i kampsituasjonar.

– Vi er sjokkerte. Drap og lemlesting av born i krysselden er noko vi kjem over i fleire konfliktar, men denne typen tortur av born i varetekt er heilt ekstraordinært, seier ho.

– Borna fortel at dei blir slått, får bind for auga, piska med elektriske kablar og brent med sigarettar, står det i FN-rapporten.

Nokre born har sagt at dei har blitt tvungne til å sitje på tanksar for å hindre åtak frå jagarfly.

– Ein sjeldan brutalitet mot born

Radhika Coomaraswamy

BRUTALITET: FNs spesialrepresentant for born i væpna konflikt, Radhika Coomaraswamy, seier Syria er ein versting.

Foto: PRADEEP SHRESTHA / AFP

– Eg har sjeldan sett ein slik brutalitet mot born som i Syria, der jenter og gutar blir arresterte, torturerte, avretta og brukt som menneskelege skjold, seier Radhika Coomaraswamy.

– Born blir torturerte i fangenskap og slakta i massakrar. For første gong høyrer vi også om born som blir rekrutterte av opposisjonsstyrken den Frie Syriske armé, seier Coomaraswamy til BBC.

LES: – Over 70 drept i nye angrep i Syria

Ifølgje FN-rapporten skal born så unge som ni år ha vore ofre for drap og lemlesting, vilkårleg arrestering, fengsling, tortur og mishandling, inkludert seksuell vald.

Skular blir regelmessig plyndra og brukt som militære baser, ifølgje rapporten.

Åtak med kamphelikopter

Syria

BRUTALT: Dette amatørbiletet blei teke i Homs måndag kveld.

Foto: Anonymous / Ap

Ifølgje lokale innbyggjarar har dei syriske regjeringsstyrkane angripe opprørerarar i Al-Haffa med kamphelikopter måndag kveld.

LES: Mener det syriske regimet planlegger ny massakre

LES: – 120 sivile drepne i Syria i helga

Ban Ki-moon krev at FN-observatørane, som er leidd av den norske generalmajoren Robert Mood, med ein gong må få tilgang til byen som skal vere omringa av regjeringsstyrkar.

Mange sivile er blitt drepne i helikopterangrep i Al-Haffa og fleire andre byar, ifølgje generalsekretæren.

SISTE NYTT

Siste nytt