Hopp til innhold

FN ber EU ta i mot 200 000 flyktningar

FNs høgkommissær for flyktningar ber EU om å ta imot 200 000 flyktningar, noko som er vesentleg meir enn det som er bestemt i den noverande avtalen.

Antonio Guterres

Guterres vil at EU skal busette 200 000 flyktningar.

Foto: FABRICE COFFRINI / Afp

– Personar som oppfyller krava for vern må fordelast i EU, seier Antonio Guterres, som er høgkommissær for flyktningar i FN.

Han åtvara om at eit delt EU vil verte utnytta av smuglarar til menneskehandel.

Han ber om at EU tek i mot lagt fleire flyktningar enn det som er bestemt i den noverande avtalen.

Vil busette tusenvis

I dag skal EU sine utanriksmininsterar møtast for å diskutere den aukande flyktningkrisa.

President i EU-kommisjonen, Jean-Claude Juncker, vil i neste veke legge fram ein plan om å busette minst 120.000 flyktningar for å lette presset på Italia, Ungarn og Hellas, som er landa mange av flyktningane kjem til, ifølgje kjelder AFP har snakka med.

EU-president Donald Tusk har også oppmoda medlemslanda om å samarbeide om å busette 100.000 flyktningar, langt meir enn den noverande avtalen på 32.000.

SISTE NYTT

Siste nytt