Hopp til innhold

Fleire titals drepne i demonstrasjonar i Kasakhstan

Styresmaktene i Kasakhstan har slått brutalt ned på demonstrasjonar i landet. Fleire titals skal vere drepne og informasjonskanalar i landet er stengd. Presidenten i har no ha erklært unnatakstilstand.

KAZAKHSTAN-CLASHES/ Riot police detain opposition supporter after he attempted to march to office of the ruling Nur Otan party in Almaty

Det er unntakstilstand i Kasakhstan etter voldsomme demonstrasjonar.

Foto: SHAMIL ZHUMATOV / Reuters

Demonstrasjonane i landet skjedde i samband med 20-årsdagen for at landet erklærte seg uavhengig frå Sovjetunionen.

Dagen vart feira over heile det oljerike landet fredag. Men i byen Zjanaozen vest i landet kom det til harde samanstøyt mellom ei gruppe oppsagte oljearbeidarar og politi. Mange er drepne, og endå fleire er såra.

Demonstrasjonane skal ha starta igjen laurdag.

Så mange som 70 kan vere drepne

KAZAKHSTAN-CLASHES/ Riot police detain an opposition supporter after he attempted to march to an office of ruling Nur Otan party in Almaty

Opprørspolitiet arresterar ein opposisjonell i byen Zjanoazen.

Foto: SHAMIL ZHUMATOV / Reuters

Offisielle tal frå styresmaktene i landet seier at minst 11 vart drepne i samanstøyta mellom demonstrantane og politiet. Men den opposisjonelle fjernsynskanalen K-plus melder at så mange som 50 er drepne i samanstøyta. Vitner til TV-kanalen seier at ei lita jente vart skoten i hovudet.

Ifølgje Russia Today har bloggarar rapportert at 70 er omkomne, og så mange som 500 skadde.

Situasjonen i Zjanoazen har vore spent i fleire månadar etter at oljearbeidarar gjekk til streik med krav om betre arbeidstilhøve.

Fleire bygningar skal ha blitt brent ned til grunne under demonstrasjonane, mellom anna kontora til dei lokale styresmaktene og eit hotell. Demonstrantane satte også fyr på mange bilar og ein politibuss, og skal ha plyndra minibankar i byen.

Sjå video frå demonstrasjonane i Zjanaozen under:

Youtube-video frå opptøyane i Zhanaozen.

Unnatakstilstand

Ifølgje Reuters har presidenten i Kasakhstan, Nursultan Nazarbajev, erklært unnatakstilstand i landet. Det er også ilagt portforbod for innbyggjarane i byen Zjanaozen.

På dei offisielle nettsidene til presidenten er det lagt ned eit forbod mot einkvar form for streik og offentlege protestar. Bruk av opptaksutstyr som videokamera er også blitt ulovleg i byen.

Vanskeleg å skaffe informasjon

Det er vanskeleg å få informasjon ut av landet fordi styresmaktene har streng kontroll på informasjonsflyten. Bloggarar som rapporterte om hendinga skal i dag ha blitt arrestert av styresmaktene. Youtube og mikrobloggingstenesta Twitter er også blitt blokkert i landet.

If reports that "only" ten "hooligans" died (not 20, 50 or 70) are true, why Kazakhstan continues to block info??? #Zhanaozen

Twitraren Erica Marat

– Me får ikkje tilgang til Twitter i landet, skriv twitraren hefxno frå Kazakhstan, som har fått tilgang til tenesta via ein server i utlandet.

NRK.no følgjer situasjonen i Kasakhstan.

KAZAKHSTAN-CLASHES/ Protesters kick a fallen Christmas tree in the Kazakh town of Zhanaozen in this still image taken from video acquired by Reuters TV

Demonstrantane sparkar til eit juletre som er velta på marknadsplassen i byen Zhanaozen vest i landet.

Foto: REUTERS TV / Reuters

SISTE NYTT

Siste nytt