Hopp til innhold

Fleire lik funne sør i Thailand

Fleire nye lik er funne i to flyktningleirar oppretta av menneskesmuglarar sør i Thailand, berre dagar etter at 26 lik vart funne i det same området.

THAILAND-ROHINGYA/TRAFFICKING Rescue workers inspect a mass grave at an abandoned camp in a jungle in Thailand's southern Songkhla province

FANN NYE LIK: Redningsmannskap inspiserer ein massegrav i ein forlaten leir i Songkhla-provinsen i det sørlege Thailand.

Foto: SURAPAN BOONTHANOM / Reuters

Tysdag vart to lik funne i Phang Nga-provinsen i Thailand, og fem graver i Songkhla-provinsen, skriv BBC. Likfunnet vart gjort fem dagar etter at 26 lik vart grave opp i det tette jungelområdet på grensa mellom Thailand og Malaysia.

Dei skal ha døydd av sjukdom eller svolt, etter å ha vorte halde fanga av menneskesmuglarar som krev løysepengar frå familiane deira. Funn av klede og telefonladarar vitnar om nyleg evakuering frå leirane.

Flyktar frå Bangladesh og Myanmar

Eit transnasjonalt nettverk av menneskesmuglarar skal ha oppretta fleire leirar for flyktningar her. Mange av flyktningane kjem frå Bangladesh og Myanmar, og fleire er ein del av dei statslause Rohingya-muslimane som lenge har vorte stigmatiserte i Myanmar.

Rohingya-flyktninger i Thailand

STIGMATISERTE OG STATSLAUSE: Rundt 50.000 Rohingya-muslimar har flykta frå Myanmar det siste halvåret.

Foto: Ap

Desse har lenge flykta kystvegen frå Myanmar. Tala er usikre, men ein reknar med at rundt 50.000 Rohingya-muslimar har forlate landet sidan november i fjor, skriv Dagens Næringsliv. Thailand og Malaysia er populære transittland på veg til Indonesia og det endelege målet for mange; Australia.

Menneskesmuglarane frå Myanmar, Malaysia og Thailand har lenge halde folk fanga i leirane med krav om løysepengar frå familie for å sleppe dei laus. Flyktningane skal også ha vorte utsett for mishandling. I fjor vart Thailand nedgradert på USA si årlege oversikt over menneskesmugling, «Trafficking in Persons».

Thailand i hardt vêr

Thailand har lenge vore i hardt vêr for si manglande handtering av menneskesmuglinga, og både FN og USA har kritisert landet. Human Rights Watch har etter likfunnet oppfordra kritikarane til å presse thailandske myndigheiter til å få bukt med dette.

Dei seier dei er i gang med å etterforske det som kan vere medverknad frå politi og lokale myndigheiter. Seks lokale politimenn er arresterte, og 15 politimenn og grensevakter er flytta til «inaktive postar» medan dei er under etterforsking.

THAILAND-ROHINGYA/TRAFFICKING Soe Naing, who is widely known as Anwar, gestures after being arrested at the provincial police station in Nakhon Si Thammarat, southern Thailand

MOGLEG HOVUDMANN: Soe Naing, kjend som Anwar, skal vere hovudmannen i smuglarnettverket, og er no arrestert.

Foto: AUBREY BELFORD / Reuters

I går arresterte dei Soe Naing, kjend som Anwar, som skal vere ein nøkkelmann i nettverket. Anwar, som sjølv er Rohingya-muslim er skulda for menneskesmugling og å halde menneske som gissel for løysepengar.

Phang-Nga og Amphoe Muang Songkhla, Thailand

SISTE NYTT

Siste nytt