Hopp til innhold

Fleire døde i skogbrannar i Algerie

Minst 65 personar har mista livet i skogbrannar i Algerie dei siste dagane. Det melder den statlege medium.

Skogbranner i Algerie

Skogbrannane i Algerie starta måndag.

Foto: Fateh Guidoum / AP

Skogbrannane har rast i skogar og landsbyar i Kabylia-regionen, aust for hovudstaden Algiers. Statleg TV melder om minst 65 døde i brannane, ifølge Reuters.

Fleire av dei som har mista livet er soldatar som redda innbyggarar frå flammane. President Abdelmadjid Tebboune kalla soldatane martyrar, skriv Al Jazeera.

Området der det brenn er vanskeleg tilgjengeleg og har lite vatn.

Sandvolleyball i skyggen av skogbrannrøyk
Foto: Ilyas Akengin / AFP
Hetebølger og tørke har ført til store skogbranner over hele den nordlige halvkule.

Meiner brannane er påsett

Statsminister Ayman Benabderrahmane seier til statleg TV at brannane verka å vere synkroniserte, og at det er lett å tenke at det ligg noko kriminelt bak, melder Sky News.

Innanriksminister Kamel Beldjoud har reist til området for å sjå brannane på nært hald. Han meiner også dei må vere påsett, ifølgje Al Jazeera.

– 30 brannar på same tid i same region er ikkje tilfeldig, sa han til statleg TV.

Soldater frakter bort en av de døde etter skogbrannene i Algerie.

Soldatar fraktar bort ein av dei som har mista livet i skogbrannane i Algerie.

Foto: Fateh Guidoum / AP

Ingen er så lagt gripne for å ha tent på.

Statsminister Benabderrahmane ber det internasjonale samfunnet om hjelp, og sa at dei var i samtalar om å få leigd fly som kunne settast inn for å sløkke brannane.

Les også: Masseevakuering fra skogbranner i Hellas og Tyrkia

– Ei katastrofe

Brannane starta måndag. Styresmaktene sette raskt inn brannfolk og soldatar for evakuere innbyggarar og få kontroll på flammane.

Fleire brannar har rast gjennom skogar og skadd oliventre som er levebrødet for mange av familiane i området.

Skogbranner i Algerie

Store område er ramma av brannane, og mange har måtte flykte frå heimane sine.

Foto: Fateh Guidoum / AP

92 år gamle Fatima Aoudia var blant dei som måtte flykte måndag, og ho opplevde situasjonen som svært dramatisk.

– Vi var redde. Heile åsen blei forandra til ein gigantisk brann. Ein del av meg er borte med desse nedbrende skogane. Det er dramatisk for både menneska og naturen. Det er ei katastrofe, sa ho til nyheitsbyrået Associated Press.

Les også: Varsler ny ekstrem hetebølge i Europa denne uken

SISTE NYTT

Siste nytt