Hopp til innhold

Eksplosiv vulkanturisme på Island

Vulkanutbrota på Island har ført til turistboom på sagaøya. Folk frå heile verda strøymer til fjella i sør for å sjå glødande lava og skyhøg røyk.

Den norsk-islandske piloten Diddi Kristoffersen

Den norsk-islandske piloten Diddi Kristoffersen lever godt på vulkanturistar.

Foto: Erlend Berge

Vulkanutbrot er eit spektakulært syn frå lufta

Vulkanutbrot er eit spektakulært syn, ikkje minst frå lufta.

Foto: HALLDOR KOLBEINS / AFP

Dei ivrigaste pakkar telt og sovepose og blir liggjande til seint på natt i fjellområda nær Fimmvørduhals-vulkanen, der lavaen på ny har vakna til liv. Andre tyr til helikopter. Vulkanturisme har blitt brennheit business på Island etter to vulkanutbrot på under to veker.

– Interessa har auka kraftig. Dei siste dagane har me har hatt dobbelt så mange helikopter-turar samanlikna med eit normalår, seier pilot i Blue West Helicopters, Diddi Kristoffersen.

Piloten er opprinneleg frå Norge, men har budd mange år på vulkanøya. Aldri har han opplevd at vulkanane har vore like aktive som i det siste.

Turistar frå heile verda

Det første utbrotet kom 20. mars. Folk blei evakuerte og styresmaktene frykta at isbreen Eyjafjallajøkull skulle smelta og skapa flaum. Onsdag skjedde det igjen.

400 personar blei evakuerte på ein halvtime då lavaen spruta ut frå Fimmvørduhals, som ligg mellom isbreane Eyjafjallajøkull og Myrdalsjøkull sør på Island. I går kunne dei igjen flytta tilbake til heimane sine.

- Islendingane fryktar ikkje konsekvensane av utbrota slik situasjonen er i dag. Nå er det først og fremst turistane som let seg fascinera av naturkreftene. Folk frå heile verda kjem til Island for å oppleva dette på nært hald.

– Kva med tryggleiken når de flyr tett over aktive vulkanar?

– Me har respekt for naturen. Hendingane dei siste dagane er ein viktig peikepinn på at ein aldri heilt sikkert kan forventa kva som skal skje.

Nett-tv:

Video Eksplosiv vulkanturisme på Island

Klikk på bildet for å se video.

LES OGSÅ: Nytt vulkanutbrot på Island

LES OGSÅ: Island kan vente seg vulkanturisme

Telefonen står ikkje stille

Påskesola skin over dei islandske fjella. Piloten gjer seg klar for nok ein tur over det som er blitt det store samtaleemnet på Island. Pusan Popovic frå Serbia er ein av turistane som spenner fast sikkerheitsbeltet for å få ei betre oversikt over turistattraksjonen.

Vulkanturisme på Island

Pilot Diddi Kristoffersen saman med den serbiske vulkanturisten Pusan Popovic.

Foto: Erlend Berge

– Dette er noko eg sannsynlegvis berre gjer ein gong i livet, så sant eg ikkje er veldig heldig, smiler han.

Telefonen ringjer nok ein gong. Igjen er det piloten turistane skal ha tak i.

– Det ringjer og ringjer. I starten var det berre islendinganemen , nå har også folk frå resten av verda fått auga opp for vulkanturismen.

LES OGSÅ: Venter på at vannet skal stige

Fryktar Katla

Sjølv om dei to vulkanutbrota til nå ikkje har gjort skade på menneske og hus, veit likevel islendingane kva krefter som bur i Katla. Det er landets største vulkan, som hadde sitt siste store utbrot for 520 år sidan.

– Vaknar hann til liv igjen, vil store delar av sørlege Island bli evakuert. Me håpar derfor at det ikkje skjer, seier den norsk-islandske piloten.


Duren frå helikopteret overdøyvar susen frå fossefallet langs fjellsida. Etter 20 minutt i lufta er vukanturistane trygt på jorda igjen. For serbaren Popovic blei det eit møte med lava for første gong i livet.

– Røyken steig omlag hundre meter i vêret frå to krater. Det var heilt fantastisk og litt skremande på same tida, seier han.

Vulkanturisme har blitt brennheit business på Island

Vulkanturisme har blitt brennheit business på Island.

Foto: Erlend Berge


SISTE NYTT

Siste nytt