Hopp til innhold

Nytt vulkanutbrot på Island

Det var i går kveld eit nytt utbrot i Fimmvørduhals-vulkanen på det sørlege Island, der det har vore utbrot sidan 20. mars.

Vulkanutbrudd Island

VIDEO: Sjå dei dramatiske bileta.

Den nye sprekken er 300-400 meter lang, nordvest for den opprinnelege, og nærmare Hvannargil-kløfta. Lavaen strøymer no ned i kløfta.

Islandske ekspertar seier at magmastraumen no har teke ein ny veg til overflata. Over 100 menneske vart evakuerte frå området i går kveld, nokre av dei med helikopter. Ingen vart skadd.

Bileta over vart tekne av fotografen Freyr Eyjolfsson frå RUV, Islands svar på NRK, i natt og tidleg i dag.

Finnvorduhals ligg mellom to store isbrear, Eyafjellajøkull i vest og Myrdalsjøkull i aust.

Det har vore frykt at utbrota i området ved Eyjafjallajøkull skal føre til eit større utbrot i Katla, som blir rekna som den farlegaste vulkanen på Island.

LES OGSÅ: Island holder pusten for ikke å vekke Katla

LES OGSÅ: - Vulkansprekken vokser

LES OGSÅ: Skoleklasse strandet på Island

LES OGSÅ: Island kan vente seg vulkanturisme

SISTE NYTT

Siste nytt